Kyrkja i Kvam ynskjer eit godt samarbeid med skulane i kommunen, og gjev tilbod om ulike aktivitetar

-
Skulegudstenester har me før jul i alle bygdene. Den vert laga i samarbeid mellom prest/ kateket og skule.
Det nye etter innføringa av nytt RLE- fag, er at tida som vert nytta til denne gudstenesta ikkje vert teken av RLE- faget ( Religion, livsyn og etikk).
Dei som bed om fritak treng heller ikkje begrunna det slik som tidlegare. Det er nok at foreldre gjev melding. Skulane pliktar å ha gode alternativ for elevar som ikkje deltek ved gudstenesta.
Informasjon om endringane - frå Utdanningsdirektoratet
RLE-planen