Skule

skulesamarbeid

Kyrkja i Kvam ynskjer eit godt samarbeid med skulane i kommunen, og gjev tilbod om ulike aktivitetar

  

  • Skulegudstenester har me før jul i alle bygdene. Den vert laga i samarbeid mellom prest/ kateket og skule. 

Det nye etter innføringa av nytt RLE- fag, er at tida som vert nytta til denne gudstenesta ikkje vert teken av RLE- faget ( Religion, livsyn og etikk).

Dei som bed om fritak treng heller ikkje begrunna det slik som tidlegare. Det er nok at foreldre gjev melding. Skulane pliktar å ha gode alternativ for elevar som ikkje deltek ved gudstenesta.

Informasjon om endringane - frå Utdanningsdirektoratet

RLE-planen

 

  • 1. og- eller 2. klasse har tilbod om å bli kjend med kyrkja si. Då brukar me tid til song og undring om kva dei ser.  Mange nye ting og litt nytt å læra. Mange klassar har nytta seg av tilbodet, og me vil jobbar for at det skal bli fleire. 
  • 4- klasse har tilbod om ny kyrkjevandring. Då treng dei litt påfyll på sitt nivå. Dette året har me dessutan hovudfokus på "mi lokale kyrkje" og kyrkjeåret. Kjekt om desse besøka er rundt pinse, for då kan me ha fokus på noko som ofte er litt diffust for dei fleste. Men 4. klassane er velkomne heile året. Det er jo ein årsplanskabal som skal gå opp. Opplegget vert utforma etter læringsmåla i Læreplanen.
  • 5. klasse har tilbod om å få besøk av kateketen i klasserommet. Der er det undervisning om Bibelen og oppbyggingen av den som har fokus. Me nyttar eit vel utprøvd undervisningsopplegg som heiter "Vandring gjennom bibelen for barn". Det tek 4 undervisningstimar fordelt på to gonger. Første gongen handlar det om Gamle testamentet og siste gongen om Det Nye testamentet. Alt skjer gjennom bevegelsar, forteljingar og aktivitetar. Alle klassane har nytta seg av dette tilbodet i år. Les meir her.
Feb12
Søndag, Februar 12, 2012
11:00Gudsteneste i Øystese kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Nattverd. Offer til Misjon utan grenser.
11:00Gudsteneste i Vikøy kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Leif Tillung. Nattverd. Offer til Acta - barn og unge.
 
Feb14
Tirsdag, Februar 14, 2012
16:00Kyrkjetreff i Ålvik kyrkje
18:00Soknerådsmøte i Ålvik kyrkje
20:00Soknerådsmøte i Øystese kyrkje
 
Feb16
Torsdag, Februar 16, 2012
11:00Føremiddagstreff i Norheimsund kyrkje
Arr. Diakoniutvalet i Norheimsund
 
Feb19
Søndag, Februar 19, 2012
11:00Familiegudsteneste i Strandebarm kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
16:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer Gudstenesta er tilrettelagd for psykisk utviklingshemma. Alle er hjarteleg velkomne!