Klikk for å gå til Den norske kyrkja Kyrkjebladet nr. 1/2002

Søk i kvam.kyrkjer.net:

 

Eksakt treff 

Innhald

Livsens kjelde
Frå vogge til grav
Red. hjørne
Prestens hjørne
Kateketens hjørne
Kyrkjeparken
Dåpsengelen i Vikøykyrkja
Godt nytt kyrkjeår! v/M.B.Røyrvik
Dagboknotat frå Romania v/Gerd og Mikal Valland
Helsing frå Laila Tjøstheim og Rivoniaina Razakandriana m/fam
Julebrev frå Mali
Opne kyrkjer
Minigospel i Ålvik
Skade på gravminner ved Vikøy kyrkjegard
Bladpengar
"Nei takk, eg køyrer!"
Forsoning ved vasskranane

[ Til toppen ]

 

Livsens kjelde

Andakt av kateket Sølvi Ulvestad

For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos.

Salme 36,10

År 2002 var ikkje gamalt før det nye soknerådet i Vikøy tok fatt på ei av sine første oppgåver, bøneveka 2002. Kvar kveld i ei veke var det bønesamling i Norheimsund kyrkje. Ulike vertar tok imot oss og leia oss ein time i bibellesing, song og bøn.

"Hjå deg er livsens kjelde." Døgnet har 24 timar. Tre av kveldane fekk eg vere i kyrkja og bruke ein time hos Gud, han som er "livsens kjelde" Eg kjende det gjorde noko med meg. Fellesskapet med dei andre, songen, lysa som var tende. Det skulle vore så mange fleire der. Men så er det så godt å tenke på, det var så mange fleire med, men vi såg dei ikkje. Rundt om i heile landet og i heile verda var folk samla om dei same tekstane og dei same bønene.

BIT, ungdomsklubben på Øystese bedehus har samling kvar fredag kveld. Kvar gong har dei eit bibelord som er ordet for kvelden. Også dei gjorde seg bruk av verset frå salme 36. Dei er unge, og dei er på leit. Leiarane håper at desse små dryppa med bibelord kan gje dei unge hjelp på trusvegen. Til å finne denne kjelda som gjev levande vatn og evig liv.

Eg fekk kome til Jesus og ause over meg av vatnet frå han. Slik som den samaritanske kvinna fekk det, då ho i samtale med Jesus fekk lovnad på vatnet ein ikkje vert tyrst av.

Er det lenge sidan du gjekk til kjelda for å drikke av det vatnet Jesus vil gje deg?

Finn fram bibelen din og les det som står i salme 36 vers 6-10 og i Joh kapittel 4. Det er ein fin stad og starte.

 

[ Til toppen ]

 

 

Frå vogge til grav

Døypte i Vikøy sokn:

Elias Selsvik Undal

Marie Ådland Hansen

Adrian Krogtoft Solås

Elisabeth Lid Nordø

Esabella Andresen Nyheim

 

Døypte i Øystese sokn:

Mathilde Kjosås Dahle

 

Døypte i Ålvik sokn:

Bjørn Tore Wallevik

 

Døypte andre stadar:

Daniel Dalen (Alstadhaug Kirke)

 

Avlidne i Vikøy sokn:

Håkon Skultlaberg (f.1906)

Gudrun Sandven (f.1908)

Synneva Ullensvang (f.1912)

Anna Tveit (f.1909)

Guro Heradstveit (f.1905)

 

Avlidne i Øystese sokn:

Bjarne Haukås (f.1913)

Johannes Laupsa (f.1911)

Alf S. Berge (f.1901)

Karl Birger Torpe (f.1938)

Ingeborg Aga (f.1915)

 

Avlidne i Ålvik sokn:

Sverre Matias Pedersen (f.1931)

Olav L. Vik (f.1909)

Julian Vikane (f.1912)

[ Til toppen ]

 

 

 

Red. hjørne

Saman i Guds hus

"Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn!" Salme 34,4.

Ein søndagskveld for ikkje så lenge sidan var eg saman med vener på ei litt spesiell gudsteneste i Korskirken i Bergen. Det var ei såkalla Taizé-messe. Ei messe inspirert frå klostersamfunnet i Taizé i Frankrike.

Eg gjekk både forviten og forventningsfull til denne messa – kva gjekk dette ut på? Frå før kjende eg til vår vanlege høgmesse, og så har me Thomas-messene som er komne i dei seinare åra og me har hatt Ung messe.

Sidan messa var eit samarrangement mellom studentlaga og Korskirken, så var det mange yngre menneske der, sikkert mange studentar. Nær sentrum av "krossen" i kyrkja – den krossdelen som førte opp til altaret – sat det på ei side ei musikargruppe som var sett saman av Cello, gitar, fiolin, og blokkfløyte. På den andre sida sat ei forsongargruppe av unge kvinner og menn.

Songane i messa var av den "enkle" sorten som vart sunge om att fleire gonger – sokalla Taizé-songar, nokon av dei finn me i Salmar 1997. Dei vart sunge fleirstemt, og sidan dei utdelte arka med messeledd og songar også inneheld notane til dei ulike stemmene, så kunne ein syngja med i den stemma ein ville. Det var herleg å få stemma i i eit slikt kor!

Messa bestod elles av forbøn og tekstlesing med songar innimellom og nattverd. Det var ikkje preik.

Det var ei rik oppleving den søndagskvelden, og eg sa til dei andre at dette er noko som me kunne ha hatt i våre kyrkjelydar også.

Det er godt at det no etterkvart kjem ulike messer. Det er vel sagt at mennesket er uhelbredeleg religiøst, og det er dei som meiner at den religiøse lengten aukar mellom menneska, sjølv i vår medietid. Kan då ulike kyrkjelege messeopplegg også vera med på å stetta den religøse lengten og føra fleire til tru på Jesus som "min Herre og Frelsar"?

Olav Reite

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Presten sitt hjørne

Astrid Lindgren.

28 januar døydde Astrid Lindgren. Ho har vore ein viktig del av livet for born og vaksne. Med bøkene sine og filmatiseringa av så mange av dei, fekk ho oss både til å lesa og sjå personar og miljø som ein nesten ikkje kan få nok av.

Tenk berre på Pippi Langstrømpe - ho som var morlaus og med ein far som segla til sjøs, dei raude flettene, apekatten og hesten, miljøet i det rare huset saman med venene sine.

Eller Emil fra Lønneberget. Han var både god og snill, men måtte ofte i snikkarbua for fantestrekane sine. Når faren ropa "Emil" som verst, var det berre å koma seg i dekning. Det er sagt at Astrid Linggren i soga om Emil også skildrar den sosiale stoda på den tida der også presten var ein viktig bit. Han ville så gjerne hjelpa dei fattige berre han fekk pengar til prestegarden fyrst.

Eller Lillebror og Karlson på taket, han som kan fly fordi han har ein propell på ryggen.

Ei anna bok er Brødrene Løvehjerte. Den boka har vore med på å gje mange born ein draum om ein betre stad, i boka kalla for Nangilima.

 

Det kan vera mange grunnar til at bøkene hennar fengjer oss slik. Dei tek ofte opp tema som me på ein eller annan måte kjenner oss igjen i og kan leve oss inn i. Det er kampen mellom ljos og mørke, godt og vondt, glede og sorg, liv og død, sorg og sakn. Me kjenner kanskje ein liten Emil i oss nokon kvar av oss, eller ei Pippi som finn på så mange rare ting, men som også kan sakne mora si når ho ser opp mot himmelen, eller draumen om det gode land slik me møter det i Brødrene Løvehjerte.

Kvifor skriv eg dette i kyrkjebladet? Fordi eg skulle ynskja at både TV, barnebokforfattarar og me alle kunne læra litt av Astrid Lindgren. Kor ofte har eg ikkje følt at det som dei viser i barne-TV ofte er reine søpla, egnar seg meir til å rive ned enn til å byggja opp eit lite barnesinn. Det skal vera så morosamt, men vert platt og tomt i staden med figurar og eit miljø som det er uråd å kjenna seg igjen i. I si tid skreiv eg ei hovudoppgåve med vekt på kristen barnelitteratur. Det var ikkje reint få barnebøker eg var igjennom, ofte nok så skuffa både over innhaldet, men også personane og miljøet som vart skildra. Så ofte mangla det ein Emil som mora forsvara så godt ho kunne når alle var etter han: Det er ikke så farlig med Emil sa hun. I dag har han bare kløpet Ida litt og veltet kaffifløten, ja og jaget katten rundt hønsehuset, det er sant, men likevel synes jeg han blir roligere og snillere.

Astrid Lindgren sa i eit intervju: "Borna er dei viktigaste i verda, gje dei masse kjærleik." Når me vert så gripne av bøkene hennar, kan det vera barnet i oss som lengtar etter meir kjærleik og varme, fred og harmoni i ei elles kaotisk verd?

Astrid Lindgren svara på dette spørsmålet like før ho døydde: Er du redd for å døy? "Nei", sa ho, "det gjeld om å leva slik at ein ikkje treng å frykta for døden". I bøkene sine var ho ofte inne på tema som har med døden å gjera, ikkje minst i Brødrene Løvehjerte. Ho klarer å få fram gleda over livet, men og ein tryggleik overfor døden. Om ho sjølv no er borte, kjenner eg meg overtydd om at bøkene og filmane hennar framleis vil settja farge på nye generasjonar. For eigen del veit eg at når Pippi nok ein gong kjem på skjermen, ser eg.

Soknepresten

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Kateketenes hjørne

Familiegudsteneste i Øystese kyrkje 27 januar 2002.

Det var såmannssundag og Bibeldagen. Gudstenesta begynte med at nokre i prosesjonen bar inn biblar på 6 forskjellige språk. Dei blei plassert på bibelbordet heilt framme ved preikestolen. Ei gruppe på 6 11-12-åringar deltok med song og dei var også forsongarar til nokre av songane i gudstenesta. Nokre av liturgiledda var bytt ut med andre enkle songar frå Salmar 1997.

I preika hadde presten med seg ei kongle han hadde funne under julegrana i Øystese sentrum. Tenk at i eit lite frø frå kongla kan det vekse opp eit kjempestort grantre som om mange, mange år kan bli til ei ny julegran i Øystese sentrum. På same måte har trua spreidd seg frå Jerusalem og heilt til oss.

Under kyrkjelyden si forbøn inviterte vi til bønevandring i kyrkja. Vi var veldig spent, ville folk reise på seg og vandre rundt slik som vi hadde lagt opp til. Dei som hadde vore på Thomasmesse kjente igjen nokre av stasjonane. For andre var det kanskje først gong dei var med på noko slikt.

Plutseleg var det fult av folk som reiste seg og gjekk rundt. Lysgloben som var flytta heilt bak vart fylt av tende ljos. Mange gjekk til bordet med "håpsord" og trakk seg ein lapp med eit ord i frå Bibelen. Andre igjen gjekk til bønelappstasjonen og teikna eller skreiv ei bønn til Gud. Nokre våga seg fram og opp på altarpartiet. Der hadde vi sett fram eit kors og ei korg med steinar. Kanskje du hadde gjort noko som du ville be om tilgjeving for og be Jesus ta "steinen" frå deg. Ved altarringen var det høve til å knele ned å be, stille til Gud. Og nesten heilt framme ved altaret sto presten og Torfinn Hestad. Der var det høve til å knele ned og bli velsigna, aleine eller saman med mor/far.

Mange vart sitjande i benken sin også. Der kunne dei be stilt og høyre på musikken.

Vi gjekk ut i prosesjon mens vi song: "Gå i fred, ten Herren med glede." Mange fortalde at dei hadde hatt ei fin stund i kyrkja. Dette var noko vi måtte gjere oftare.

Eg trur ikkje det var siste gongen vi hadde bønevandring i ei "vanleg" gudsteneste. Lysgloben må nok stå bak i kyrkja skal den bli meir brukt. Det er det litt lite plass til, og spørsmålet om å "hive" ut nokre av dei bakerste benkane vert aktuelt å ta opp. Det gir også høve for å setje opp bord til kyrkjekaffi. Eit lite sukk til, vi skulle hatt salmar 1997 i Øystese kyrkje også, det står så mange fine salmar og songar der.

Sundag 3 februar var det familiegudstenste i Norhiemsund kyrkje. Pga tida frå trykking til distribuering får eg ikkje noko med i dette kyrkjebladet. Dei som var der har sjølv hatt høve til å delta på ei liknande bønevandring.

Sølvi

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Norheimsund kyrkje

Kyrkjeparken

Somme ventar på snø,- men ikkje alle. I det milde vinterveret no først på nyåret har Kai Neteland

med sine folk og maskiner frå Kjosaas Maskin hatt stor framgang i arbeidet med kyrkjeparken.

Dersom eit anlegg skal verta fint for auga som ser, er grunnarbeidet viktig - det som ikkje viser att når alt er planert og tildekka. Det skal ikkje stå att lommer med vatn i grunnen, takvatn og grunnvatn må drenerast. (I samband med dette kjem og fleire nedlaupsrenner frå kyrkjetaket.)

Mold, aur og leire må bort ,fjellnobber meislast eller sprengjast, rein pukk, singel og sand kjem i staden i tur og orden og vert pakka saman. I desse massane skal røyrer og kablar liggja støtt og rett,- nokon med tanke på planen for etappe 2. Og så må det mælast nøye og leggjast inn på kart.

Det er nyttig å tenkja på alt det "skjulte" arbeidet når ein med tida vandrar på brustein og heller.

Vert det lagleg arbeidsver frametter vinteren, er kan henda muringa i gang før tidsskjemaet, men snø seinkar arbeidet.

Denne muren mot bakken ventar mange i spaning på å sjå. Natursteinen skifter mellom maskinsteins- og handsteinsstorleik, og i nisjer i muren kjem relieff med bibelske motiv. Kunstnaren Audun Storaas arbeider med ei biletrekkje som (tilliks med altertavla) vil gje rike oppbyggingstankar.

Det er landskapsarkitekt Olav Tveitnes i firmaet Instanes som har laga planane for parken og følgjer dei opp. Han hentar inn tilbod på steinen som skal leggjast. Det skal nyttast både sementstein, skiferheller, granittstein og asfalt. Dette vil utgjera ein monaleg kostnad, men det vil ein vonleg ha att både i venleik og brukarglede.

Så langt i framdrifta er det uråd å sjå dei endelege kostnaderne, men dei peikar sterkt mot 1,5 mill. kroner for 1. etappe. Heradet har førebels stilt til rådvelde 1 mill. kroner , og til no (medio januar) har det kome inn 290 000 kroner frå rause gjevarar. Alt dette er me takksame for. Men det er framleis eit ope rom for frivillige gåver,-og kontonummeret står nedanfor.

Det er sjølvsagt eit sterkt ynske i kyrkjelyden om å kunna fullføra etappe 2 med framhaldande arbeid når det no er godt i gang,. både av praktiske og estetiske grunnar. Det var difor eit vonbrot at heradet ikkje fann midlar på budsjettet til å seia B etter A. Men ein torer vona at eit fleirtal no får ny vilje til å innfri ein gamal lovnad ved neste krossveg.

Fellesrådet for sokneråda i Kvam har peika ut eit styre for arbeidet med parkanlegget. Det er

Johnny Knudsen, Hans Soldal, Morten Langeland, Randi Valland Eide.

I arbeidsutvalet er Kristian Neteland, Ingvar Teigland, Tore Skeie.

Norheimsund kyrkjepark.

Kontonr. 3530.20.78015

 

Jak. Røyrvik

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Dåpsengelen i Vikøykyrkja

I 1985 kom han ned att. Bortgøymd på tårnloftet hadde han falma og samla støv i

eit par mannsaldrar.

"Skjenket av Ole N. Klyve og af en ubekjendt - Anno 1830" er skrive på boka som engelen held i venstre handa - i den høgre kviler dåpsfatet i ein laurbærkrans.

Olav Nilsen Flatabø (1798 - 1877 ) er han nemnd i Ættebok for Kvam band II.

Han var gift med Brita Sjursdotter Børve (1800 - !882 ) og dei busette seg på Klyve i 1828 som nygifte. Denne garden fekk dei kjøpa frå Brita sin bror, Håkon S. Børve (1788 - 1861 ) som hadde gift seg til garden, men budde der berre 10 år.

Olav var felespelar i unge år, han var sjømann og han åtte i ei jakt saman med Mons Botnen og Sjur Flotve. "Han hadde ymse hugmål - " heiter det i boka , og det ligg nær å tru at eitt av desse hugmåla gjekk i kristeleg lei.

Ein kan undrast kva det var som tilskunda denne Klyvebuen til å gje ein dåpsengel til Vikøykyrkja. Sjølv var han berre 32 år gamal ,- dei hadde fått sin førstefødde son Sjur i 1829. Men Vikøykyrkja var gamal og fal,- berre 5 år etter at engelen kom på plass, vart ho dømd falleferdig og nedriven.

Ordet seier at den "ubekjendte " medgivaren skulle vera den elles velkjende lensmann Bård O. Mo, haugianarførar og prestens medhjelpar i bygda. Kan henda hadde han "hjelpt" Ole N. Klyve med å velja både gåve og mottakar. Men dette veit me lite om, di lettare er det å spekulera.

Visst er det, at engelen flytte med til nyekyrkja og gjorde si teneste i nær 75 år med å bera dåpsvatnet til dei små som vart borne fram til dåp i Vikøy. Tungvint var det nok å fira og heisa engelen der han hang med ein krok i ryggen framme i koret.

Det var prosten J.A.B. Christie som skaffa dåpsengelen avløysing i tenesta. Sjølv teikna og kosta han den stilreine døypefonten i kleberstein med eit vakkert døypefat i siselert ljos bronse som han gav til kyrkja i 1912 , og som har vore i bruk sidan.

Dåpsengel finst og i Øystesekyrkja, men det er lite fortalt om opphavet til denne. Han skal vera innkjøpt til nyekyrkja som vart vigsla i 1868. Å sjå til er desse englane nokså like, men Øysteseengelen har ein lur i venstre handa, medan Vikøyengelen held Bibelboka.

I Øystese er dei heisetekniske problema løyste på ein god måte, så no treng ikkje klokkaren halda engelen i foten under dåpen - for balansen si skuld. Bilethoggar Ingebrigt Vik vart av prestane Ottesen og Christie beden om å forma ut ein ny døypefont av stein, men kunstnaren døydde før dette arbeidet var fullført. Såleis dalar framleis engelen ned med dåpsfatet til den heilage handlinga.

Vikøy kyrkje fekk ei omfatande vøle innvendes i 1985. I det høvet vart dåpsengelen henta med frå tårnloftet, fjelga og forgylt før han kom til sin faste plass i koret. Her vart ikkje montert heiseordning, sidan "Christiefonten" framleis gjer tenesta med å bera dåpsfatet.

Kvifor då engelen? spør mange ,- og biskop Lønning meinte ved ein visitas at det burde vera nok med denne eine døypefonten.

Eg ser verdien først og fremst i ein sterk symbolikk: ein bodberar frå himmelen vaker signande over dåpshandlinga og ber med seg dei to viktige elementa i dåpshandlinga: Ordet og Vatnet. Han seier stilt ja og amen til den prestehanda som teiknar krossmerket på dåpsbarnet.

Det synest òg rettkome å vørdsla om tradisjonen og minnast banda til gamlekyrkja som både altertavla og dåpsengelen vitnar om,- og så senda ein takkens tanke til unge sjømann Klyve som eingong gav engelen til kyrkja - uvisst kva grunnar han hadde.

Det har vel ikkje vore hevda at dåpsengelen er stor kunst,- men han har inspirert til eit lite kunstverk: Audun Storaas har laga eit bilete med dåpsengelen som sentralt motiv , og der ornamentikken kring koret og altertavla fyller biletet til ein samla hyllest til desse formene som er kjende og kjære symbol for alle som har sin gang i Vikøykyrkja.

JR

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Godt nytt kyrkjeår!

Som nyvald leiar i Vikøy sokneråd er det mange tankar og lause trådar som skal nøstast opp. I ei vekes tid i advent og julestrid var det ei einaste stor floke. Så eg i tillegg ikkje kunne finna Jesusbarnet i det eg skulle setja opp den fine julekrybba i heimen vår, tykte eg at det kunne vera nok. Kvifor skulle ikkje Jesusbarnet vera der til liks med alle dyra og figurane. Det vart nesten tragikomisk der den tomme krybba stod og grein imot meg. Eg pakka alt ned i øskja igjen.

Denne hendinga vart ein tankevekkjar for meg. Jesusbarnet mangla. Eg greidde ikkje å samla meg om gledesbodskapen om at ein Frelsar er oss fødd, og kvifor? Jau, av den enkle grunn at tanken på å ha teke på seg eit verv som eg ikkje ville meistra, gnog meg.

Då slo det meg igjen: Mine kjensler av å ikkje strekkja til er vel Gud sitt beste utgangspunkt. Eg bad ei bøn, og dagen etter dukka Jesusbarnet fram. Krubba kom på plass, og roen senka seg i heim, tanke og sinn.

Me går alle i ferdiglagde gjerningar. I Salme 119,105 står det: "Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min sti".

Lat oss retta søkeljoset på Jesus og hans ord. Me er små bitar i eit stort puslespel, men uteblir ein bit er ikkje biletet komplett. For….

Berre du er du!

Gløym aldri at du er den einaste

i verda som er slik som du.

Du er sjelden, ingen har akkurat dine

eigenskapar.

Difor-

ta vare på dine gode sider,

prøv å forbetra dine

dårlege.

Du er verdifull fordi

berre DU er DU.

 

Kvar og ein er me skapte som originalar i Guds bilete. Skal me fungera som kyrkjelyd og lemer på Guds lekam, lyt me verka i ein og same Ande, kjærleiksanden.

Lukka til i ditt neste år. Måtte det verta for oss alle eit medmennekseår.

1. Kor. 13: "Kjærleiken fell aldri bort".

Venleg helsing

May Britt Røyrvik

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Dagboknotat frå Romania.

 

30.12.01

Klokka er sju morgon. Ein tung, raud fullmåne heng lågt over det store slettelandet. Tynt snødekke og iskald luft gjev eit skimrande blått lys.

Me sit på toget på veg mot Bucarest. Bak oss ligg 10 dagar i Svartehavsbyen Constanta.

Inntrykka har vore mange. Møte med våre eigne gjorde godt. Me fekk sjå at dei lever vel, trass i kaldt hus med lite varme og arbeidsoppgåver som kan tykkjast uoverkomelege i våre auge.

 

Me minnest dåpsgudsteneste i kyrkja laurdag før jul. Vaksendåp er ikkje så vanleg i vår eiga kyrkje, heller ikkje at dåpskandidatar strålande glade fortel om heilt nye liv, nye voner. Alt blei forsterka av ei ulukke på motorvegen då kyrkjefolket var på veg heim. Fire menneske blei meia ned. 40-år gamle Nello, far til fire born i alderen 3 –12 år, blei drepen. Kona hans, ei sprudlande jente i slutten av 20-åra og mor hans som var nydøypt, vart alvorleg skadde, men vil truleg overleva. Ei tante til den omkomne fekk mindre skadar. Borna blei tekne vare på av unge menneske i kyrkjelyden. Medan heimen stod tom, var tjuvar inne og stal borna sine klede og anna nyttig.

 

Dagen etter, veslejulaftan, var det igjen gudsteneste. Mykje tid blei brukt til bøn for familien etter Nello, for at mor til dei no farlause borna måtte få leva. Og det blei samla inn pengar til dei etterlatne. Ingen stor sum, men folk gav truleg det dei hadde.

I Romania er det ei æressak for born å læra mange dikt utaboks. Me fekk oppleva eit imponerande program frå barneflokken i kyrkja med song, poesi og prikkfri framferd. Sterkast inntrykk gjorde gateborna sitt innslag. Gruppa bestod av ca 20 barn og unge, den eldste var ei jente på 19, yngst var ein kvikk liten sjarmør på 7. Eit langt program med song og resitasjon blei engasjerande framført. Me forsto ikkje så mykje av orda, men utstrålinga bar bodskapen fram. Og med stor glød avslutta dei med engelske julesongar.

Lange guteslampar i norske jakker var sentrale i opplegget. Ei nydeleg 11-årig jente i rutete foldeskjørt og matchande genser fanga augo våre. Kleda hennar kan ha vore kjøpt til ei småjente i Noreg på 1960-talet. Me merka oss ei 12-årig jente som for to år sidan nær var blitt seld som kone til ein eldre mann. Den alkoholiserte aleinefaren hadde ikkje råd til å ta seg av henne. Men så fekk altså Casa Caritas (barneprosjektet som mange i Kvam har støtta) overta henne, og dei fekk ein fem år gamal bror med på kjøpet.

Nokre av borna som stod framme i kyrkja denne dagen, var foreldrelause, andre hadde rømt frå mishandling, somme har truleg vore barneprostituerte. No har desse ein heim, skulegong og fellesskap i kyrkja.

Me fekk ei sterk oppleving av -samfunnet åt dei heilage- i denne kyrkjelyden. Relasjonane, samhaldet, måten dei tok vare på kvarandre, ansvaret som blei vist for trengande, uansett alder, bakgrunn eller status, fekk oss til å tenkja på det me har lese om dagleglivet i oldkyrkja.

 

Julaftan såg me andre tradisjonar enn me er vane med. Sjølv gjorde me det så norsk me greidde, med juleevangeliet, "Eg er så glad kvar julekveld", middag og pakkar til snille born. Men me blei fort minte på kvar i verda me var, då vakre tonar lydde inn til oss gjennom stoveglaset. I lett snødryss stod ei gruppe ungdomar utafor. Med eit lite keyboard og gitar som tonefylgje, song dei fleirstemmig, reint og vakkert, rumenske julesongar til oss. Fattigslege skur på frosen mark låg som bakgrunn. Det er det næraste me har vore englesong ei julenatt.

 

Klokka er passert 8. Det er lyst, og no ligg ei stor, eldraud solkule lågt over horisonten i aust.

Me passerer Donau som flyt opa i vinterkulden. Vinmarkene me ser frå toget, er frosne, men velstelte og klare til å bera nye frukter.

Tankane går tilbake til julehelga og rumenarar me møtte. Som foreldre til deira norske vener fekk me mange invitasjonar.

Tante Dorina, som har gjort ein stor innsats i eldreprosjektet, Dorkas, baud på rumensk julemat, ein slags kålrulettar med maisbollar til. Me blei serverte i ei ørlita stove der det ikkje var sitjeplass til fleire enn oss som var gjester. Familien som består av fem vaksne gjekk til og frå. Me fekk snakka med alle. Ungdomane i huset kunne litt engelsk og saman med Åsne og Andreas var dei tolkar i samtalen med foreldra. I denne familien har alle vore engasjerte på ein eller annan måte i eldreprosjektet.

Sonen og ei dotter er dagleg på farten. Dei får kontakt med heimlause. Dei leitar og opp gamle som kanskje har tak over hovudet, men ikkje varme og mat. Dei lagar mat som dei ber heim til folk. Dei kjøper inn matvarer som dei deler ut. Kyrkja betalar dei ei lita løn. Men dårleg økonomi gjer at dei må bu saman med foreldra i eit knøttlite husvære.

Familien utrykkjer på kyrkja sine vegne takksemd for alle pengegåver og anna hjelp som er gjeve til fattige gamle i byen deira. Alt me sender, blir brukt uavkorta i dei ulike prosjekta.

Me vandra heim, mette i magen, men tankefulle. Det er ikkje sikkert at denne familien har middag på bordet resten av juledagane.

 

Toget vårt har rulla vidare over det store slettelandet, enorme jordbruksareal har me for auga. Men nesten alle gardar og hus ser fattigslege og forfalne ut. Me passerer ein "by" av utrangerte jernbanevogner. Skrot er det rikeleg av. Toget glir inn på jernbanestasjonen i Bucarest. Ein daud hund ligg mellom spora. Fillete drosjesjåførar står klar til å gripa bagasjen vår. Utstrekte hender vil selja noko eller ha pengar. Dei ser truleg at me kjem frå nord-Europa. Me er rike.

"Ikkje sjå nokon inn i augo, ikkje snakk, slik at kjeltringar skjønar de er utlendingar. Gå rett inn på Mc.Donalds", er rådet me har med oss. "Ikkje ta drosje på eiga hand!". Og me bergar oss inn på restauranten og blir henta av ein drosjesjåfør som kjenner Åsne og Andreas.

Vel inne på flyplassen pustar me ut. Her møter me vår eiga verd med restaurantar, taxfree og velkledde menneske.

 

På heimvegen frå Bergen nyt me synet av varmt ljos frå velstelte hus i snøtunge hagar. Ved midnatt køyrer me over Kvamskogen. Fullmånen over fjellet er like stor som han var over slettelandet i Romania.

Gerd og Mikal Valland.

[ Til toppen ]

 

 

 

Kjære venner!

Stavanger jula 2001

Nå nærmer jula seg med slik hurtighet at vi vet nesten ikke hvor tiden blir av. For dere som ikke vet det så er vi altså i Norge nå, og her skal vi være helt til neste høst. Vi kom den 16. august og reiser ca. ett år etter dette tilbake til Mananjary.

Det var trist å reise fra venner og arbeid på Madagaskar. Ja vi ber om at alle de nye kristne må bli ttatt vare på mens vi er i Norge. Det er nemlig vanskelig for presten å nå alle, og modne kristne er det dessverre litt for få av. En katekist har gjerne stått som fadder for flere hundre. Han eller hun er dermed den eneste som kan hjelpe de nye kristne på veien sammen med Jesus.

Fedretroen er fortsatt en aktiv del av livet i de fleste landsbyene, så det er ikke alltid like enkelt for en ny kristen å skille mellom gammel og ny tro.

Ja, livet er forskjellig på Madagaskar og Norge. Her er liksom så trygt når vi tenker på forholdene på Madagaskar, kanskje for trygt? Slik føles det i hvert fall av og til når vi ser på hvordan folk lever. Mange trenger ikke Gud fordi de fikser alt selv. På Madagaskar trenger alle en gud, da livet ikke går uten denne hjelpen fra den åndelige verden.

Når det er sagt så har vi det svært godt her i Norge. Emil er blitt 3 år og går i barnehage tre dager i uka. Han trives så godt at han helst ville gått hver dag hvis det var opp til ham. Steffen er blitt 10 måneder og sprader nå rundt i huset som om han aldri skulle gjort annet. Det blir nok en del knall og fall, men han kryper helst bare i nødsfall.

Rivo har denne høsten jobbet 50% i NMS i region Stavanger, og 50% i KIA, Kristent Interkulturelt Arbeid, som drives i mange byer. Rivo er med på det som skjer her i Stavanger og omegn. Tre dager i uka har han bl.a. vært med på leksehjelp for barn som enda ikke er helt stødige i norsk, eller med foreldre som ikke er så gode i dette språket. Noen av barna kommer fra kristne hjem, mens andre er barn av muslimer eller folk med andre livssyn. Han har også vært på hjemmebesøk til noen av de nyinnflyttede utlendingene her i byen.

Den største overgangen fra Madagaskar har nok vært alt kveldsarbeidet. På Madagaskar går folk sjelden ut etter at det er blitt mørkt, mens her skjer de fleste aktiviteter nettopp på denne tiden.

Laila har til nå hatt morspermisjon, så hun har stort sett vært hjemme med barna. Etter jul skal vi voksne dele litt på stillingen i NMS, men det blir nok fortsatt Rivo som tar den største delen av jobben.

Nå gleder vi oss til jul og litt ferie sammen. Vi har to uker til gode av ferien som vi skal ta ut nå. Det er nok Rivo som vil merke dette mest, men vi vil alle ha glede av å ha ham hjemme om kveldene. Vi bor i en kjellerleilighet hos mor og far, så vi trenger ikkje mer enn å gå opp ei trapp hvis vi vil treffe dem. Det blir derfor ikkje noe reising i jula, da alle Laila sine søsken kommer hjem. Er det noe Laila savner på Madagaskar så er det nettopp dette å få være sammen med storfamilien i Norge. Spesielt i jula merkes dette sterkt.

Noe av det fineste med å være i Norge er nettopp å få være sammen med familie og venner. Det er ekstra sterkt å få møte alle dere som ber for oss og husker på oss på andre måter. Vi har allerede fått truffet mange av dere, og jåper av vi får treffe mange flere før vi drar tilbake til soskinnsøya. Sola er forresten noe vi savner her i Norge. Kulden kan også til tider være hard, spesielt for Rivo. Heldigvis er det ikkje så lenge til sola snur. Det ser vi fram til alle sammen. Vel, nå vil vi få ønske dere alle en riktig god og en velsignet julehøytid. Et godt nytt år ønsker vi også for dere alle!

Hilsen Steffen, Emil, Laila Tjøstheim og Rivoniaina Razakandriana, Rudolf Nilsens gt. 1, 4021 Stavanger. Tlf. 51544130, e-mail: ltjraza@frisurf.no

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Julebrev frå Mali

Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: "Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han." (Matt. 2,1b-2).

Frå deg kjem min lovsong i den store lyden. Eg vil halda mine lovnader mellom dei som har age for deg. Dei hjelpelause skal eta seg mette, dei som søkjer Herren, skal prisa han. Gjev hjarta deira alltid må leva! I alle land skal dei minnast dette og venda om til Herren, ja, alle folk og ætter skal bøya seg og tilbe han. For kongeveldet høyrer Herren til, han rår over folkeslaga. (Salme 22,26-29)

Bamako, 6. desember 2001

Kjære vener!

No er det tid for julehelsing. Det har alt kome to julebrev i posten, dermed er påminninga konkret. Simon og Synneva har fått fram adventbøkene sine og me prøver å lata advent-ro og tankar få plass når me les for dei omkveldane. Sjølv om me ikkje vert "distrahert" av julegater og kjøpepress som i Noreg er det vanskeleg også her å vinna "roen".

Me hadde to veker til gode på ferien vår som me ikkje tok ut i sommar. Ei veke prøvde me å ta fri i haust, og det vart i alle fall tre dagar med fråver frå kontoret. Ein dag på bassengkanten ved eit av hotella i Bamako og ein annan i fluktstolar bokstaveleg talt langt frå allfarveg under eit skuggetre ute på savannen. Me fekk òg gjort ferdig litt småprosjekt heime som hadde vorte utsett gong på gong. Borna trivest både ute og inne med det me har laga til for dei.

Sidan sist har me fått ein bilmekanikar frå Noreg som skal overhala alle bilane våre. Så mykje juling dei får på desse vegane trengst det litt større sjekk og vedlikehald av og til så me unngår havari av meir eller mindre alvorleg art.

Ein mile-pæl har me også passert: Astrid, Anita og Hølje er no på plass i ny misjonærbustad i Tambaga. Med dette er arbeidet vårt blant malinkéane offisielt byrja. Dei gled seg over å vera komne på plass, og no står utfordringar som vidare språkstudium, planlegging av arbeidsmåtar og prosjekt, balansering av lokalfolket sine forventningar etc. på dagsorden.

Me feira to-års dagen til Synneva den 25. november (ein dag før "Dagen"). Sidan alle kollegaene våre var i byen vart det heller fullt om ettermiddagen heime hjå oss. Synneva klarar seg godt, men det verbale let venta på seg. No er ho komen så langt at ho prøver å herma etter ord me seier. Simon trivest godt og han snakkar meir og meir fransk no. Det er kjekt å høyra korleis han no kan kommunisera med dei ute i gata, dessutan snakkar me fransk rundt bordet til middag, då et barnejenta saman med oss.

Veka etter hadde me "etterutdanningsdagar" for alle misjonærane. Heile gjengen har vore samla i hovudstaden til fornying og inspirasjon, både praktisk og åndeleg. Det gjer godt å koma saman for å utveksla meiningar og erfaringar samstundes med å få tilført kunnskapar frå utanforståande. Spesielt interessant var timane med ein tidlegare muslim, no pinsevenn-misjonær. Han gav oss innsyn i kva tankar og spørsmål som rører seg i muslimar når ein presenterar evangeliet for dei. Mange av oss fekk heilt nye perspektiv over tenesta ut frå det me høyrde av han.

Så hadde me jubileumsfest, må vita. I haust er det 20 år sidan Aud og Jon Bovim kom som dei fyrste misjonærane til Mali frå Santalmisjonen. Dette vart markert med festsamver med middag og gode innslag.

For oss som bur i Bamako vart det mykje ekstra, administrering av kost og losji til 20-30 menneske samstundes med at kontordrifta skulle gå som normalt. Det er utruleg så mykje administrasjon det har vorte ut av arbeidet her. I alle fall samanlikna med slutten av åttiåra då me klarte oss nesten utan nasjonalt tilsette og heilt utan "data" og internett…!

Elles er pinnekjøtet på plass i frysaren! To pakkar Toro Kålrabistappe er også komne. Dermed forstår de at juletradisjonar prøver me å halda i hevd. Juleaftan vert det norsk gudsteneste tidleg ettermiddag for oss 6-8 som er i byen. Så feirar me norsk "julekveld" med mat og pakkar tidleg på kvelden. Seinare dreg dei vaksne til kyrkja i Sikoroni på samling der. Maliarane feirar jul med vake heile julenatta og festgudsteneste på første juledag. Etterpå er det festmåltid til kyrkjelyd og nabolag. Dei er ikkje så mange til vanleg, men me prøver å oppmuntra dei til å nå vidare ut.

Det som maliarane er mest opptekne av, er førebuinga til Afrika-cup’en i fotball i februar 2002. Mali er vertsland, og det er ikkje måte på kor mykje som skal byggjast og fiffast opp. Store monument vert bygde på sentrale stader saman med bustader, stadionar, vegar og flyplassar. Personleg såg eg helst at vektlegginga av monumentbygging var redusert til fordel for planering av enkelte gater i bykjernen. Ein må nesten ha firhjulstrekk for å koma fram i enkelte av dei! Me vonar i alle fall at turneringa kan gjennomførast utan for mykje uro og kjensleutbrot.

I morgon, fredag 7.12., reiser me med heile vårt hus og barnejente på oppdrag til Bafoulabé, Oussou og Goundara. Eli skal vera med på samarbeidsmøte med kyrkjestyret og prosjekt-synfaring og eg finn vel sikkert noko å gjera også…. Sjølv om det er strevsamt å køyra over tusen kilometer på "traktorvegar" er det ein forandring i kvardagen og nye impulsar spesielt for dei små. Apekattar og fargerike fuglar livar opp med jamne mellomrom.

Som de forstår har ambisjonane våre om månadleg oppdatering av heimesidene på Internett slege feil. Men no er det i alle fall ein del nytt. Gjesteboka verkar heller ikkje slik ho skal, men det står på lista over uferdige prosjekt…. Heimesida finn de her: http://www.mpn-mali.net/tveitane

Dersom nokon av dykk har fått tilgang til Internett eller har familie/naboar som har dette, vil me gjerne ha adressa me kan treffa dykk på. Det er gratis å senda brev over Internett så me vil gjerne spara der me kan. Me kan treffast på adressa: fellespost@bushsoft.com

Brevpostadressa er framleis:

Tveitane,

MPN, BP2402, Bamako,

Rép, du Mali

West Africa.

Telefon: 00 223 21 16 81

Ei velsigna julehøgtid og nytt år ynskjer me dykk alle.

Tor&Eli

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Opne kyrkjer

I Norheimsund,

Måndagar mellom kl 20 og 21.

I Vikøy

Torsdagar mellom kl 20 og 21.

 

Om nokon ynskjer å vera med i små bibelgrupper og fellesskap kan dei ta kontakt med Solveig Nyborg, Heradstveit, 5620 Tørvikbygd.

Fornying av gravfeste ?

Fredingstida for graver frå 1971 (eller eldre) gjekk ut i 2001.

Dei som ynskjer å ta vare på desse gravene vidare, og ikkje alt har forlenga festetida kan ta kontakt med kyrkjeverja i Kvam, og ordna dette.

Festeavgifta er for tida kr. 500,oo pr grav, og gjeld i 10 år.

Graver som ikkje vert festa innan 6 månader kan slettast.

Pårørande som ynskjer å ta vare på gravminne må sjølv syta for dette. Om ikkje vert gravminne fjerna frå kyrkjegarden, og knust.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med kyrkjeverja i Kvam:

Kontor: Norheimsund kyrkje, telefon: 56 55 17 45, telefaks: 56 55 14 86,

e-post: ingvard.teigland@kvam.kyrkjer.net

 

Opne kyrkjer

I Norheimsund,

Måndagar mellom kl 20 og 21.

I Vikøy

Torsdagar mellom kl 20 og 21.

Om nokon ynskjer å vera med i små bibelgrupper og fellesskap kan dei ta kontakt med Solveig Nyborg, Heradstveit, 5620 Tørvikbygd.

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Minigospel i Ålvik

Annkvar torsdag er det søndagsskule i kyrkja i Ålvik. Vi starta opp att 17.januar med 11 born. Kjempeflott! Det er plass til mange fleire, kjenner du nokon som vil begynne på minigospel i Ålvik så ta dei med deg til kyrkje torsdag kl 17.00. Det er minigospel desse dagane: 14 og 28 februar, 14 mars og 18 april.

 

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Skade på gravminner ved Vikøy kyrkjegard

Tidlegare i vinter oppdaga me at det hadde forsvunne bronsefuglar frå nokre gravminne på Vikøy kyrkjegard. Heldigvis var det ikkje hærverk som stod bak, men "tankeløyse" i samband med born sin leik.

Foreldra oppdaga i tide kva borna leika med, og har fått sett ein stoppar for dette. Me reknar med at alle fuglane er komne til rette, og dei vert sett på plass att så snart ve og temperatur tillet slikt arbeid.

Pårørande som oppdagar at bronsefuglar eller andre ting er borte frå gravminnet kan ta kontakt med kyrkjeverja eller arbeidsformannen for kyrkjegarden, slik at me kan gjera alt for å vera sikre på at det er "rett" fugl som vert sett på gravminnet att.

Vil også takka dei i Vikøy som oppdaga "leiken" - og som gjorde sitt til at saka vart løyst på ein god og effektiv måte.

Kyrkjeverja

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Bladpengar

I dette bladet ligg det giro for bladpengar for 2002.

Me vonar de framleis set priv på kyrkjebladet vårt og vil halda fram med å betala inn frivillige bladpengar.

Me takkar så mykje!

Kyrkjeblad for Kvam

 

[ Til toppen ]

 

 

 

"Nei takk, eg køyrer!"

Mange aksepterer punktfråhald frå alkohol, til dømes i trafikken.

"Nei takk, eg køyrer!" er ei godteke grunngjeving for å la glaset stå.

Punktfråhald frå alkohol er anbefalt når ein er saman med born. Tenk om det vart vanleg for foreldre å avslå alkohol på denne måten: "Nei takk, eg har barn!"

Det går ikkje an å koma forbi det faktum at foreldrene si haldning til rusgift har betydning for borna. – Foreldrene våre drikk vin til god mat, så alkohol kan ikkje vera fårleg – tenkjer og seier born i eit intervju i avisa Vårt Land 1. juni i år.

Lat oss som vaksne syna born og unge at det går an å ha det moro, men også møta sorg og andre tunge ting utan å ty til kunstige stimuli.

Borna våre fortener eit trygt og godt tilvere, utan alkohol og andre rusgifter!

 

Landsmøtet i Det Hvite Bånd, Haugesund 2001

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Forsoning ved vasskranane


Norske kyrkjelydar gjer ein felles innsats for å gi austafrikanarane tilgang på vatn.
-For oss er tilgangen på reint vatn eit problem. Dersom de hjelper oss med å skaffe reint vatn, får vi ikkje berre liv, men også fred, seier biskop John K. Rucyahana i Den episkopale kyrkja i Rwanda, ein av samarbeidspartnarane til Kirkens Nødhjelp i landet.
I oktober var han til stades ved opninga av ein ny vasskiosk i Rhuengeri, nordaust i Rwanda.
I dette området bur det svært mange flyktningar. Mange herfrå blei drepne under folkemordet i 1994, og området har i lang tid vore prega av fattigdom og mistru mellom folkegruppene. I tillegg slit mange med sjukdom som følgje av det ofte helseskadelege overflatevatnet.
-Vårt vatn
Men nå er ein ny vasskiosk klar – det vil seie ein spring med reint vatn som vert frakta dit gjennom røyr frå reine kjelder eit godt stykke unna. På vegen har vatnet passert eit reinseanlegg. Kirkens Nødhjelp støttar den lokale kyrkja i arbeidet med å skaffe slike vasskioskar.
-Men vatnet er vårt! Like mykje som det er vårt ansvar å hjelpe kvarandre. Vi må reparere vasskranane når dei går i stykker, og sørgje for at vatnet kjem alle til gode, seier Rucyahana til folket som står samla rundt han.
-Ha tillit til dykk sjølve, dette klarer vi når vi står samla, held han fram. Og folk lyttar når han snakkar. Innbyggjarane i landsbyen står samla, tett i tett. Tre nye vasskranar skal opnast for første gong, og mange gule vasskanner er stilte opp i rekkje og rad for å fyllast.
-Når folk saman byggjer og vaktar vasskjelder, røyr og kraner, møtest dei på tvers av folkegrupper og ei vanskeleg fortid. Dette trur eg etter kvart kan vere med på å lækje sår – også dei etter folkemordet, seier biskopen.
Han har tru på at rwandarane kan finne sin eigen måte å oppnå forsoning på:
-Eg trur ikkje vi treng psykologar, men tillit til kvarandre, for å klare dette. Vi er komne eit stykke på veg. Og eit bevis på at vi klarer å samarbeide fekk vi jo ved vasskiosken i dag.
Krav til samarbeid
I Rwanda, i Aust-Afrika, og mange andre stader i verda hjelper Kirkens Nødhjelp lokalbefolkninga med å betre teknikkane med å bruke overflatevatn, grave grunne brønnar, bore djupe brønnar og betre vasskvaliteten. Målet er å betre vasstilgangen og sanitærforholda, og samstundes hindre at mangel på reint vatn i seg sjølv forsterkar pågåande konfliktar.
I Rhuengeri i Rwanda, der folkemordet i 1994 har sett så tydelege spor, vaktar hutuar, tutsiar og batwaar vasskranane side om side. Dag og natt. Så viktig er det reine vatnet at styremaktene har sendt inn soldatar – med våpen i hand – for å vakte vatnet mot sabotasje frå geriljagrupper som opererer på grensa mot Kongo.
Sett frå Kirkens Nødhjelps side er vilkåra klare – det blir sett krav til dei som får støtte. Lokalbefolkninga må utføre arbeidet sjølv, og dei må ta del i vasskomitear og sjølve ta på seg ansvaret for forvaltning og vedlikehald. Alle etniske grupper i området må vere med, og kvinnene må vere ein naturleg del. Slik utgjer vasskomiteane eit praktisk samarbeid om vatn som vonleg vil føre folk saman, slik biskop Rucyahana seier.
Kirkens Nødhjelps krav til samarbeid er så grunnleggjande at dersom det er ei vasskjelde og to folkegrupper i eit område, støttar vi ikkje boring av nye vasshol dersom begge folkegruppene har nok vatn med den eine om dei samarbeider. Utan slike krav risikerer vi at nye vasskjelder fører til nye konfliktar, ikkje forsonande samarbeid og fred.
Brød for Verda 2002
Fram mot sjølve aksjonsdagen den 19. mars vil ei rekkje kyrkjelydar i Den norske kyrkja og ulike frikyrkjesamfunn rette fokus mot arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer for å betre tilgangen til reint vatn i Aust-Afrika. Gjennom aksjonen får kyrkjelydane både høve til å få meir informasjon om livsvilkåra til menneska i sør og vise sitt internasjonale engasjement i praksis.
Kvart år er rundt 30.000 konfirmantar – og stadig fleire vaksne – bøsseberarar for Brød for Verda-aksjonen. I år bli dei kyrkjelydane som tar del, også med i ein vervekonkurranse: Alle kyrkjelydar som klarer å verve minst ein vaksen søm bøsseberar eller sjåfør per konfirmant – eller som er spesielt kreative og initiativrike under aksjonen – er med i trekninga om ein gratiskonsert med Bjørn Eidsvåg. Konserten blir halden i den kyrkjelyden som vinn i løpet av veke 17. Kirkens Nødhjelp tar på seg alle kostnader og alt praktisk arbeid i samband med konserten.
Les meir om arbeidet til Kirkens Nødhjelp og Brød for Verda-aksjonen på: http://www.kirkensnodhjelp.no
Tekst: Inger Synnøve Bredesen, redaktør, Kirkens Nødhjelp

 

[ Til toppen ]

 

 

 

Attende ] Den norske kyrkja i Kvam ]