Tørvikbygd bedehus er eit svært tenleg hus som vert mykje brukt av ulike grupper i bygda.
Huset er 23 år gamalt, (vigsla i 1987) og har høvelege lokale både til store og små arrangement.
I 2006 og 2007 vart ein del av huset ombygd for å gje plass til nye leigetakarar -
og i 2009 - 2010 vert det utvida med nye lagerrom og "grovkjøken".
Det er Tørvikbygd indremisjon som eig huset, men det vert brukt til møter og andre tilstellingar av fleire ulike misjonsorganisasjonar.
Elles vert huset leigt ut til humanitære organisasjonar, slutta lag og private.
Huset er godt utstyrt, og vert brukt som selskapslokale ved barnedåp, bryllaup, konfirmasjon, gravferd, eller ved fødselsdagar og andre liknande høve.
Frå hausten 2007 og "inntil vidare" held Tørvikbygd barnehage til i ein del av huset. Frå hausten 2010 vert dette tilbodet utvida.
Leiar: Per Augestad 2010, tlf. 950 59 910
e-post: per.augstad@c2i.net
Kasserar: Ingvard Teigland, tlf. 56 55 82 00 / 414 00 035
e-post: ingvard.teigland@online.no For spørsmål om utleige kan du ta kontakt med leiar eller kasserar for nærare avtale.
Kontaktperson: Per Augestad, telefon: 950 59 910