Strandebarm kyrkje

Meir om kyrkja i Wikipedia

 

Kyrkja som står i Strandebarm no er den tredje kyrkja me veit om på staden. Den første var ei stavkyrkje, og då kan ein slutta at den vart bygd før 1350. Den brann ned i 1659. Den neste kyrkja stod frå 1661 til 1876. Den vart riven då nyekyrkja stod ferdig.

Byggmeister for dagens kyrkje var M. Svennem og vart bygd etter teikningar av O.Vangberg. Den nye kyrkja vart bygd fordi den gamle var for lita etter lova. Det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i soknet.

I Strandebarm kyrkje er det mykje symbolbruk, som er med og peikar på det mest sentrale i den kristne trua: Jesus Kristus. I dåpsfatet er Adam og Eva avbilda som symbol på det gamle mennesket som i dåpen blir gjenfødd til tru på Jesus. Krusifikset som er frå omlag år 1600 er sentralt plassert på altaret for å minna oss om at trua vår er bygd på tilgjeving og oppreising for mennesket. Måleriet som syner Jesu himmelferd viser at menneska har von om ei framtid i lag med Han, den oppstadne.

Glasmåleriet bak altaret er frå 1876, laga i Tyskland. I tida 1951 - 85 var det innkledd bak altartavla.

Altartavla heng no framme til venstre i kyrkjeskipet. Måleriet syner Kristi himmelferd, og er truleg måla i Spania. Det var ei gåve til kyrkja i 1690, og vert rekna for eit stort kunstverk.

Ljosestakane: Dei 2 tre-arma messing-ljosestakane på altaret er frå 1661, omstøypte i 1694.

Dåpsfatet i messing og oblatøskje i sølv er frå omlag 1700.

Dåpsmugga er frå 1996, og er laga av keramiker Bjørn Pedersen (Homlagarden, Norheimsund).

Brurestolane er frå 1986, og er levert av Hardanger Gyldenlær og Lærdesign, Ringøy.

Ljosekruna fremst i kyrkjeskipet er frå 1661, dei 2 attarste frå 1951

Kyrkjebenkane vart utskifte til 100-års-jubileet i 1976. Dei er laga av brørne Eide, Tørvikbygd. Kyrkja har sitjeplass til ca 500.

Kyrkjeklokkene: Kyrkja har to klokker. Den minste er frå 1663. Automatisk ringeanlegg frå 1991.

Orgel. Det første orgelet vart montert i 1894. Tidlegare hadde organistane med seg sine eigne husorgel. Noverande orgel vart montert i 1976 av Vestre Orgelfabrikk, Haramsøy. Det er eit mekanisk pipeorgel med 25 register delte på 2 manual- og 1 pedalklaviatur. Hovudverk, brystverk og pedalverk har i alt 1792 piper.

Feb25
Lørdag, Februar 25, 2012
12:00Øystese søndagsskulekor øver i kjellaren på Øystese bedehus
For barn frå tre år og oppover Song, forteljing og leik Arr: Øystese søndagsskule, indremisjon og sokneråd
 
Feb26
Søndag, Februar 26, 2012
11:00Gusteneste i Ålvik kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Sevinj Asgarova. Dåp. Offer
12:00Skigudsteneste i Øystese
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KFUK/ KFUM.
18:00Bjørnefjorden Jazz-ensemble "syng med oss" i Strandebarm kyrkje
Bjørnefjorden Jazzensemble m/ lokale gjester "Syng med oss" Bill: Vaksne kr 100 Born kr 50
 
Feb28
Tirsdag, Februar 28, 2012
18:30Soknerådsmøte i Strandebarm
Stad: Strandebarm skule
 
Mar2
Fredag, Mars 2, 2012
00:00Kvinnenes internasjonale bønedag i Norheimsund kyrkje klokka 17.00
Kvinnenes internasjonale bønedag er i år førebudd av kvinner frå Malaysia. Temaet er: "La retten vinne fram". Høve til å gje gåve til "Prosjekt Mamma" Det vert kaffiøkt. Arr: Kvammakomiteen
 
Mar3
Lørdag, Mars 3, 2012
19:00Konsert med Bjørn Eidvåg i Ålvik kyrkje
 
Mar4
Søndag, Mars 4, 2012
11:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til Kirkens SOS i Bjørgvin.