Kyrkjene>Strandebarm kyrkje

Strandebarm kyrkje

Kyrkja som står i Strandebarm no er den tredje kyrkja me veit om på staden. Den første var ei stavkyrkje, og då kan ein slutta at den vart bygd før 1350. Den brann ned i 1659. Den neste kyrkja stod frå 1661 til 1876. Den vart riven då nyekyrkja stod ferdig.

Byggmeister for dagens kyrkje var M. Svennem og vart bygd etter teikningar av O.Vangberg. Den nye kyrkja vart bygd fordi den gamle var for lita etter lova. Det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i soknet.

I Strandebarm kyrkje er det mykje symbolbruk, som er med og peikar på det mest sentrale i den kristne trua: Jesus Kristus. I dåpsfatet er Adam og Eva avbilda som symbol på det gamle mennesket som i dåpen blir gjenfødd til tru på Jesus. Krusifikset som er frå omlag år 1600 er sentralt plassert på altaret for å minna oss om at trua vår er bygd på tilgjeving og oppreising for mennesket. Måleriet som syner Jesu himmelferd viser at menneska har von om ei framtid i lag med Han, den oppstadne.

Glasmåleriet bak altaret er frå 1876, laga i Tyskland. I tida 1951 - 85 var det innkledd bak altartavla.

Altartavla heng no framme til venstre i kyrkjeskipet. Måleriet syner Kristi himmelferd, og er truleg måla i Spania. Det var ei gåve til kyrkja i 1690, og vert rekna for eit stort kunstverk.

Ljosestakane: Dei 2 tre-arma messing-ljosestakane på altaret er frå 1661, omstøypte i 1694.

Dåpsfatet i messing og oblatøskje i sølv er frå omlag 1700.

Dåpsmugga er frå 1996, og er laga av keramiker Bjørn Pedersen (Homlagarden, Norheimsund).

Brurestolane er frå 1986, og er levert av Hardanger Gyldenlær og Lærdesign, Ringøy.

Ljosekruna fremst i kyrkjeskipet er frå 1661, dei 2 attarste frå 1951

Kyrkjebenkane vart utskifte til 100-års-jubileet i 1976. Dei er laga av brørne Eide, Tørvikbygd. Kyrkja har sitjeplass til ca 500.

Kyrkjeklokkene: Kyrkja har to klokker. Den minste er frå 1663. Automatisk ringeanlegg frå 1991.

Orgel. Det første orgelet vart montert i 1894. Tidlegare hadde organistane med seg sine eigne husorgel. Noverande orgel vart montert i 1976 av Vestre Orgelfabrikk, Haramsøy. Det er eit mekanisk pipeorgel med 25 register delte på 2 manual- og 1 pedalklaviatur. Hovudverk, brystverk og pedalverk har i alt 1792 piper.

x
Sep 12
Søndag 2010
11:00 Gudsteneste i Øystese kyrkje 
S.pr. Johnny Knudsen. Innsetjing av vår nye organist, Margrete Lid Kjosås, og offisiell takk til organist Svein Gerhard Hordnes som vert med på gudstenesta, og takk til vikarierande organist Olav Skeie Lid. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
11:00 Gudsteneste i Strandebarm kyrkje 
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Torgeir Kinne Solsvik. Konfirmantpresentasjon. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552
 
Sep 15
Onsdag 2010
15:00 Konfirmantsamling i Norheimsund kyrkje 
Alle
 
Sep 16
Torsdag 2010
11:00 Føremiddagstreff 
i Norheimsund kyrkje klokka 11.00
Treng du skyss kan du ringa tlf: 56551814 eller 41808770 eller 90127786
Arr: Diakoniutvalet
 
Sep 19
Søndag 2010
11:00 Gudsteneste i Norheimsund 
Konfirmantpresentasjon. S.pr. Johnny Knudsen og kateket Marna Roer. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
17:00 Gudsteneste i Ålvik kyrkje 
S.pr. Lars Arne Vik. Organist Margrete Lid Kjosås. Konfirmanpresentasjon. Offer til Amnesty.
 
Sep 20
Mandag 2010
11:00 Senioruniversitetet i Norheimsund kyrkje 
14:30 Konfirmantar i Øystese kyrkje 
Måndagsgruppa
 
Sep 21
Tirsdag 2010
12:00 Babysong i Norheimsund kyrkje 
 
Sep 22
Onsdag 2010
14:30 Konfirmantar i Øystese kyrkje 
onsdagsgruppa