Kyrkjene>Øystese kyrkje

Øystese kyrkje

Det har vore kyrkje i Øystese langt attende i 1200 talet, og gjerne før. Ein veit det fordi skriftlege kjelder fortel om prestane. Første presten ein veit om her i Øystese vart kalla sira Trallar det var i 1222. Ein heitte sira Fjallar og seinare var det ein Sira Jon Sveinson. Det er mykje som tyder på at det har vore kyrjer heilt frå 1000- 1100 talet. Dei er på grunn av ting dei fann når gamlekyrkja vart riven. Det var smykke og pengar.

Øystese har ikkje alltid heitt Øystese. Tidlegare heitte det: Øystusyn, Øystusuynjar, Østerssynja og Austersynja. Dei meiner at kyrkja her vert sett der som det hadde vore eit gamalt gudehov i vikingtida. Og sjølv om det var litt risiko i å la kyrkja stå på same plassen, så var dei sikre på at ”Kvitekrist” var sterkare enn dei gamle gudane.

Denne kyrkja, vart bygd i 1868. Det er 141 år sidan. Det måtte byggast nye kyrkjer når dei gamle vart for små. Det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i bygda. Og første gong kyrkjeklokkene ringte her i nyekyrkja var fredag 15. mai 1868. Dei gjekk i tog frå gamlekyrkja til nyekyrkja og det var massevis av prestar frå bygdene rundt i Hardanger og Voss og enno lengre frå. Dei måtte òg ha ny kyrkje fordi den gamle kyrkjegarden var blitt for liten. Her nede på ”Øyri” var det god plass til større kyrkjegard òg. Sånn er det jo til alle tider. Folk blir fødd, og dei døyr. Det er ei byrjing og ein slutt på alt. Dei reknar med at kyrkjegarden vart vigsla i 1868 når kyrkja vart teken i bruk.

I frå gamal tid var det vanleg at kvart gardsbruk i Øystese kyrkjesokn hadde sin faste kyrkjestol/ benk. I nyekyrkja var det blitt betre plass, ein rekna ti personar i kvar kyrkjestol. Det var til fram og tilbake korleis ein skulle dela stolan. Det vart til at bøndene og småbrukarane fekk dei 14 første stolane, og husmenn og strandsitjarar fekk dei 5 bakerste.

På lemen (galleriet) skulle dei som kom frå Vikøy ha plass. Resten av plassane var til ungdomane i kyrkjesokna. I 1880 vart kyrkjestolane gjevne fri, men folk haldt framleis på dei gamle plassane lenge. Tidlegare var det ikkje så mange vegar rundt i bygdene. Det var vanleg å ro til kyrkjes. Bygdene hadde ofte felles kyrkjebåtar. På biletet ser du ein fembøring.

Når kykja skulle byggast måtte folk i bygda betala kyrkjeskatt. Kvar gard skulle betala 60 shilling kvart år i 5 år til byggefondet. Det ville ha vore litt over 100 kroner i året. Seinare vart det høgna til 1 riksdalar. Det vart bestemt at arbeidsmenn frå gardane skulle koma og vera med på å laga til gravplass, murar og forskjellig ved nyekyrja. Dei som ikkje møtte fekk bot. Det var 36 shilling i bot for ein arbeidar som ikkje møtte, og 72 for ein arbeidar som skulle hatt med hest. Amtmannen protesterte når han høyrde om dette. Dei fekk ikkje straffa folk på denne måten, men måtte heller betala løn for dei som kom og hjalp til. Då fekk dei 36 sh i løn for ein dags arbeid, og 72 sh for arbeidar med hest.

 

Folk kom gåande og roande til kyrkja nestan uansett vær. Nokre gardar hadde plikta at dei skulle ro presten. Presten budde i Vikøy. På ein gard bak kyrkja hadde dei eit rom der han skifta til presteklede.

 

Informasjon om Øystese kyrkje i Wikipedia

Feb12
Søndag, Februar 12, 2012
11:00Gudsteneste i Øystese kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Nattverd. Offer til Misjon utan grenser.
11:00Gudsteneste i Vikøy kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Leif Tillung. Nattverd. Offer til Acta - barn og unge.
 
Feb14
Tirsdag, Februar 14, 2012
16:00Kyrkjetreff i Ålvik kyrkje
18:00Soknerådsmøte i Ålvik kyrkje
20:00Soknerådsmøte i Øystese kyrkje
 
Feb16
Torsdag, Februar 16, 2012
11:00Føremiddagstreff i Norheimsund kyrkje
Arr. Diakoniutvalet i Norheimsund
 
Feb19
Søndag, Februar 19, 2012
11:00Familiegudsteneste i Strandebarm kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
16:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer Gudstenesta er tilrettelagd for psykisk utviklingshemma. Alle er hjarteleg velkomne!