Kyrkjene>Norheimsund kyrkje
NORHEIMSUND KYRKJE

Norheimsund kyrkje

Norheimsund kyrkje i Wikipedia

Kyrkjeparken i Norheimsund

Utearealet ved Norheimsund kyrkje nærmar seg no fullføring. Landskapsarkitekt Olav Tveitnes har laga teikningar til eit vakkert parkanlegg som har vorte utbygt i fleire steg.

Den siste delen som no er i arbeid er kostnadsrekna til kring 1.400.000 kroner.

Ei byggjenemnd utpeika av soknerådet har leia arbeidet.

Til no har ein frå rause gjevarar motteke ca. 350.000 kroner, dugnaden er utrekna til

250.000.  Det manglar såleis ein sum tilsvarande 800.000 kroner.

Me veit kor heilhjarta folk gav og ofra til kyrkjebygget og til den første delen av parken.

Difor har me no den same von og tru på støtte til fullføring av parkanlegget.

Med frimod bed me om di gåve til arbeidet.

 

Norheimsund, august 2010

 

Arbeidsutvalet

 

Kristian Neteland                   Ingvard Teigland                    Johnny Knudsen

 

Giro som vert lagt ved kyrkjebladet i september kan nyttast. Kontonummer står òg under her. 

 

KONTO: 35302078015


NORHEIMSUND KYRKJEPARK

v/ Kyrkjeverja i Kvam

Postboks 39

5601 NORHEIMSUND


Norheimsund kyrkje:

Vart reist av bygdefolket for innsamla midlar og med heilhuga dugnadsarbeid i åra 1985 - 92. Heradet kosta tomta og orgelet, og har ansvaret for drift og vedlikehald.

Kyrkja vart vigsla i juni 1989.

Arkitekt var Peder A. RIstensund, Bergen.

Altartavla er laga av Audun Storaas, Norheimsund. 

Feb12
Søndag, Februar 12, 2012
11:00Gudsteneste i Øystese kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Nattverd. Offer til Misjon utan grenser.
11:00Gudsteneste i Vikøy kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Leif Tillung. Nattverd. Offer til Acta - barn og unge.
 
Feb14
Tirsdag, Februar 14, 2012
16:00Kyrkjetreff i Ålvik kyrkje
18:00Soknerådsmøte i Ålvik kyrkje
20:00Soknerådsmøte i Øystese kyrkje
 
Feb16
Torsdag, Februar 16, 2012
11:00Føremiddagstreff i Norheimsund kyrkje
Arr. Diakoniutvalet i Norheimsund
 
Feb19
Søndag, Februar 19, 2012
11:00Familiegudsteneste i Strandebarm kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
16:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer Gudstenesta er tilrettelagd for psykisk utviklingshemma. Alle er hjarteleg velkomne!