FØRESEGNER
For kyrkjegardane i Kvam
(Tidlegare: Kvam- og Strandebarm prestegjeld)
Jfr. lov av 7. juni 1996 nr. 32, Gravferdslova §-21.
Vedtekne av kyrkjeleg fellesråd i Kvam 02.10.1997, revidert 26.02.2003.
Godkjende av Bjørgvin bispedømeråd 04.11.1997 og 30.04.2003.
§ 1 Kyrkjegardstilhøyring
Alle som er heimehøyrande i Kvam har rett til fri grav. Andre får grav når fellesrådet gjev samtykke til det. For desse må det betalast den "utanbygds" avgift som til kvar tid gjeld. Avlidne personar kan gravleggjast på den kyrkjegarden i heradet som ein måtte ynskje, dersom dei ikkje vert gravlagd i ein annan kommune. Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller ein annan kommune mot slutten av livet.
§ 2 Fredingstid og festetid
Fredingstid for kistegraver er 25 år, og for urnegraver 20 år. Festetida er 10 år.
§ 3 Feste av grav
Ved bruk av kistegrav kan attlevande ektemake, eller annan nær slektning, feste plass ved sida. Etter søknad kan fellesrådet innvilge familiegravstad, med i alt inntil fire graver. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida. Når det har gått 60 år etter siste gravleggjing kan ikkje festet fornyast utan særleg godkjenning av fellesrådet. I god tid før festetida er ute skal festaren få melding om dette. Vert ikkje festet fornya innan 6 månader fell gravstaden attende til kyrkjegarden. Ingen kan gravleggjast i festa grav utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravleggjing. Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.
§ 4 Grav og gravminne
Kyrkjegardsarbeidarane vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravleggjing. Gravminne kan tidlegast setjast opp seks månader etter gravleggjing av kiste. I mellomtida skal grava merkast med namnet til den avlidne. På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teke i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt. Montering av gravminne skal berre gjerast etter tilvising frå kyrkjegardsansvarleg. Ståande gravminne skal sikrast mot velting, og straks rettast opp når det sig skeivt. Alle gravminne må godkjennast av fellesrådet før dei kan setjast på grava.
§ 5 Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Plantefeltet kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminne. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt. Hekk, lause steinar eller anna form for inngjerding av grava er ikkje tillate. Gravlykter, blomevasar eller andre lause gjenstandar må fjernast. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 6 Plantetilfang
Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vera heilt kompostèrbart.
§ 7 Stell av grav
Kyrkjegardsarbeidarane ryddar grava, og tek bort visne kransar, blomar o.l. Grava vert planert og tilsådd med gras når den påfylte jorda har "sett seg". Pårørande har rett og plikt til å stelle den grava dei har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal såast til av den ansvarlege. Vert ikkje dette gjort har kyrkjegardsarbeidarane rett til å gjere det. Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting på grav mot forskott-betaling.
§ 8 Gravlegat
Det kan opprettast gravlegat ved alle kyrkjegardane i Kvam. Mot innbetaling av ein bestemt sum til gravlegat vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert styrt av dagleg leiar i fellesrådet. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale. Gravlegat kan ikkje opprettastslik at det varer lenger enn den fredningstida eller festetida som er att for gravstaden.
Vert legatmidlane oppbrukt før legattida er ute skal legatstyraren gje melding til den ansvarlege for gravstaden. Det er då høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut. Dersom legatet ikkje vert auka vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp. Er det midlar att av legatet når tida er ute kan kyrkjeleg fellesråd vedta å bruke dette til å gjere kyrkjegarden vakrare. Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eige rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.
§ 9 Bårerom
Kyrkjeleg fellesråd disponerer fire bårerom med kjøling i Kvam. Desse skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge til desse roma utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syte for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette i kyrkja eller på kyrkjegarden.
§ 10 Næringsverksemd
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglar som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver. Dei som er tilsett av fellesrådet, eller arbeider på kyrkjegardane, kan ikkje - mot godtgjering - utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.
§ 11 Ansvar
Fellesrådet seier seg utan ansvar for ting som kjem bort eller vert skadd innanfor kyrkjegardsgjerdet utan at det med visse kan provast at det er gravaren eller andre kyrkjegardsarbeidarar som har valda skaden. Ved opning av grav har gravaren rett til å leggje ned eller fjerne gravminne som vert til hinder for arbeidet med grava. Det er pårørande sitt ansvar at gravminne står beint, og er sikra mot velting.
§ 12 Ro og orden
Kyrkjegarden skal vere forsvarleg inngjerda og halden i sømeleg stand. Kyrkjegardsfreden må ikkje brytast ved leik, sykling eller anna framferd som er uhøveleg på ein slik stad. Laushundar og andre dyr må haldast borte frå kyrkjegarden. Forbodet gjeld ikkje førarhund for blinde. Køyring på kyrkjegarden er berre tillate etter særskild løyve frå fellesrådet. Etter planting og stell av graver skal alt avfallet fjernast frå kyrkjegarden. Det er sett ut bossdunkar som dette kan kastast i.
§ 13 Føresegnene
Den som tingar grav, eller alt har pårørande gravlagde, skal få desse føresegnene tilsendt. Føresegnene skal også stå oppslegne på høveleg stad på kyrkjegarden.