Kyrkjene>Føresegner for kyrkjegardane

Føresegner for kyrkjegardane i Kvam herad

Gravferdslova

Forskrift til gravferdslova

 

 FØRESEGNER

For kyrkjegardane i Kvam prestegjeld 

(Tidlegare: Kvam- og Strandebarm prestegjeld)   

 Jfr. lov av 7. juni 1996 nr. 32, Gravferdslova §-21.

 

Vedtekne av kyrkjeleg fellesråd i Kvam  02.10.1997, revidert 26.02.2003.

Godkjende av Bjørgvin bispedømeråd  04.11.1997 og  30.04.2003.

 

§   1     Kyrkjegardstilhøyring

Alle som er heimehøyrande i Kvam har rett til fri grav. Andre får grav når fellesrådet gjev samtykke til det. For desse må det betalast den "utanbygds" avgift som til kvar tid gjeld. Avlidne personar kan gravleggjast på den kyrkjegarden i heradet som ein måtte ynskje, dersom dei ikkje vert gravlagd i ein annan kommune. Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller ein annan kommune mot slutten av livet.

§   2     Fredingstid og festetid

Fredingstid for kistegraver er 30 år, og for urnegraver 20 år. Festetida er 10 år.

 

§   3     Feste av grav

Ved bruk av kistegrav kan attlevande ektemake, eller annan nær slektning, feste plass ved sida. Etter søknad kan fellesrådet innvilge familiegravstad, med i alt inntil fire graver. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida. Når det har gått 60 år etter siste gravleggjing kan ikkje festet fornyast utan særleg godkjenning av fellesrådet. I god tid før festetida er ute skal festaren få melding om dette. Vert ikkje festet fornya innan 6 månader fell gravstaden attende til kyrkjegarden. Ingen kan gravleggjast i festa grav utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravleggjing.  Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.

 

§   4     Grav og  gravminne

Kyrkjegardsarbeidarane vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravleggjing. Gravminne kan tidlegast setjast opp seks månader etter gravleggjing av kiste. I mellomtida skal grava merkast med namnet til den avlidne. På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teke i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt. Montering av gravminne skal berre gjerast etter tilvising frå kyrkjegardsansvarleg. Ståande gravminne skal sikrast mot velting, og straks rettast opp når det sig skeivt. Alle gravminne må godkjennast av fellesrådet før dei kan setjast på grava.

 

§   5     Plantefelt

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må  ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Plantefeltet kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminne. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt  natursteinskant som fluktar med terrenget rundt. Hekk, lause steinar eller anna form for inngjerding av grava er ikkje tillate. Gravlykter, blomevasar eller andre lause gjenstandar må fjernast.  Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

§   6     Plantetilfang

Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vera heilt kompostèrbart.

§   7     Stell av grav

Kyrkjegardsarbeidarane ryddar grava, og tek bort visne kransar, blomar o.l.  Grava vert planert og tilsådd med gras når den påfylte jorda har "sett seg". Pårørande har rett og plikt til å stelle den grava dei har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal såast til av den ansvarlege. Vert ikkje dette gjort har kyrkjegardsarbeidarane rett til å gjere det. Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting på grav mot forskott-betaling.

 

§   8     Gravlegat

Det kan opprettast gravlegat ved alle kyrkjegardane i Kvam. Mot innbetaling av ein bestemt sum til gravlegat vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert styrt av dagleg leiar i fellesrådet. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i  ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale. Gravlegat kan ikkje opprettastslik at det varer lenger enn den fredningstida eller festetida som er att for gravstaden.

Vert legatmidlane oppbrukt før legattida er ute skal legatstyraren gje melding til den ansvarlege for gravstaden. Det er då høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut. Dersom legatet ikkje vert auka vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp. Er det midlar att av legatet når tida er ute kan kyrkjeleg fellesråd vedta å bruke dette  til å gjere kyrkjegarden vakrare. Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eige rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.

 

§   9     Bårerom

Kyrkjeleg fellesråd disponerer fire bårerom med kjøling i Kvam.   Desse skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge til desse roma utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syte for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette i kyrkja eller på kyrkjegarden.

 

§ 10     Næringsverksemd

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg  etter dei reglar som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver. Dei som er tilsett av fellesrådet, eller arbeider på kyrkjegardane, kan ikkje - mot godtgjering - utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

 

§ 11     Ansvar

Fellesrådet seier seg utan ansvar for ting som kjem bort eller vert skadd innanfor kyrkjegardsgjerdet utan at det med visse kan provast at det er gravaren eller andre kyrkjegardsarbeidarar som har valda skaden. Ved opning av grav har gravaren rett til å leggje ned eller fjerne gravminne som vert til hinder for arbeidet med grava. Det er pårørande sitt ansvar at gravminne står beint, og er sikra mot velting.

 

§ 12     Ro og orden

Kyrkjegarden skal vere forsvarleg inngjerda og halden i sømeleg stand.  Kyrkjegardsfreden må ikkje brytast ved leik, sykling eller             anna framferd som er uhøveleg på ein slik stad. Laushundar og andre dyr må haldast borte frå kyrkjegarden. Forbodet gjeld ikkje førarhund for blinde. Køyring på kyrkjegarden er berre tillate etter særskild løyve frå fellesrådet. Etter planting og stell av graver skal alt avfallet fjernast frå kyrkjegarden. Det er sett ut bossdunkar som dette kan kastast i.

 

§ 13     Føresegnene

Den som tingar grav, eller alt har pårørande gravlagde, skal få desse føresegnene tilsendt. Føresegnene skal også stå oppslegne på høveleg stad på kyrkjegarden.

x
Sep 12
Søndag 2010
11:00 Gudsteneste i Øystese kyrkje 
S.pr. Johnny Knudsen. Innsetjing av vår nye organist, Margrete Lid Kjosås, og offisiell takk til organist Svein Gerhard Hordnes som vert med på gudstenesta, og takk til vikarierande organist Olav Skeie Lid. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
11:00 Gudsteneste i Strandebarm kyrkje 
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Torgeir Kinne Solsvik. Konfirmantpresentasjon. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552
 
Sep 15
Onsdag 2010
15:00 Konfirmantsamling i Norheimsund kyrkje 
Alle
 
Sep 16
Torsdag 2010
11:00 Føremiddagstreff 
i Norheimsund kyrkje klokka 11.00
Treng du skyss kan du ringa tlf: 56551814 eller 41808770 eller 90127786
Arr: Diakoniutvalet
 
Sep 19
Søndag 2010
11:00 Gudsteneste i Norheimsund 
Konfirmantpresentasjon. S.pr. Johnny Knudsen og kateket Marna Roer. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
17:00 Gudsteneste i Ålvik kyrkje 
S.pr. Lars Arne Vik. Organist Margrete Lid Kjosås. Konfirmanpresentasjon. Offer til Amnesty.
 
Sep 20
Mandag 2010
11:00 Senioruniversitetet i Norheimsund kyrkje 
14:30 Konfirmantar i Øystese kyrkje 
Måndagsgruppa
 
Sep 21
Tirsdag 2010
12:00 Babysong i Norheimsund kyrkje 
 
Sep 22
Onsdag 2010
14:30 Konfirmantar i Øystese kyrkje 
onsdagsgruppa