Informasjon og lekser

Eg vil anbefala ei ungdomsgudsteneste som skal vera i Øystese kyrkje fredag 13. april.

Oversikt over gudstenestene i dei ulike kyrkjene i Kvam finn de i kalenderen og i høgremenyen på framsida. Hugs at det er foreldre/ føresette som skal signera på gudstenestene. Og de puslar det til som det passar best berre det vert minimum 8.

Aktivitetar: For meg ser det ut for at mange kosar seg på Krik og Origo, og på Strandebarm ungdomsklubb for dei som bur i den enden. Musikk - folka har vore i aktivitet og eg håpar dette fungerer. Minnar berre om at aktivitetsskjema skal leverast med underskrifter i april og at de må følgja dette opp og ikkje koma bakpå.

 

Leksa til 1. samling finn du her nede på sida. 

Leksa til 2. samling er å lesa Markus - evangeliet i NT og svara på spørsmåla du finn på di gruppe si side. Ikkje bli hengande etter med leksene, for alle må leverast og godkjennast før konfirmasjonen.

Leksa til 3. samling er å lesa side 28 - 29 i Con Dios og læra fadervår utanat. Du kan velja om du vil læra den nye eller den gamle. Me brukar framleis mest den gamle i kyrkja. Den finn du på bakerste permen.

Leksa til 4. samling: Læra truvedkjenninga utanåt. Den står bak i Con Dios. Det vankar Cola til dei som kan den.

I hausthalvåret skal du kunna det som står over her.

Leksa til første samling etter jul: Dei ti boda (alle tinga de skal læra utanåt står på bakerste perm i Con Dios)

Leksa til andre samling etter jul: Misjonsbodet 

Tredje samling etter jul: Den vesle bibelen

Så må du kunna alt for i år, for det vert test.

 

LEKSA SOM SKAL GJERAST FØR FØRSTE GRUPPESAMLING

                               (trykk på biletet for å koma til sida)

KFUK/M kirke















Feb25
Lørdag, Februar 25, 2012
12:00Øystese søndagsskulekor øver i kjellaren på Øystese bedehus
For barn frå tre år og oppover Song, forteljing og leik Arr: Øystese søndagsskule, indremisjon og sokneråd
 
Feb26
Søndag, Februar 26, 2012
11:00Gusteneste i Ålvik kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Sevinj Asgarova. Dåp. Offer
12:00Skigudsteneste i Øystese
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KFUK/ KFUM.
18:00Bjørnefjorden Jazz-ensemble "syng med oss" i Strandebarm kyrkje
Bjørnefjorden Jazzensemble m/ lokale gjester "Syng med oss" Bill: Vaksne kr 100 Born kr 50
 
Feb28
Tirsdag, Februar 28, 2012
18:30Soknerådsmøte i Strandebarm
Stad: Strandebarm skule
 
Mar2
Fredag, Mars 2, 2012
00:00Kvinnenes internasjonale bønedag i Norheimsund kyrkje ettermiddag
Kvinnenes internasjonale bønedag er i år førebudt av kvinner frå Malaysia. Temaet er: "La retten vinne fram".
 
Mar3
Lørdag, Mars 3, 2012
19:00Konsert med Bjørn Eidvåg i Ålvik kyrkje
 
Mar4
Søndag, Mars 4, 2012
11:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til Kirkens SOS i Bjørgvin.
 
Mar7
Onsdag, Mars 7, 2012
11:00Musikalsk føremiddagtreff i Øystese kyrkje
Salmeforfattar Arve Brunvoll fortel om salmane sine