Hei, og velkomne til konfirmantsidene. 
Det er kateketen som redigerer og skriv på sidene, så heretter skriv eg berre eg ;-)
Me brukar den neste månaden no for å spikra neste års opplegg. Men ein del ting har me ganske klart for oss.
* Me treng hjelp av føresette til ulike ting gjennom året. Eg kan berre raskt nemna litt her:
- Baka til ulike arrangement eller vera med som hjelpeleiar ved ein av aktivitetane som er:
- Konfirmantsprett i Strandebarm i september,
- film/forelesningsdag i Norheimsund i november,
- Delta ved innsamlingsaksjonen med bil og bøsse (her treng me ein frå alle heimane).
- leirar i mars
- samtalegudstenester med fest i april. Ved alle desse høva treng me hjelp frå føresette.
Me har reservert plass i Sætervika 15. - 17. mars. Der er det ikkje plass til alle på ein gong utan at me bur som sild i tønna... Det same gjeld for andre leirplassar som har ledig dei næraste åra. Difor legg me fram ulike alternative løysingar dette året.
1) Den lengste leiren er ei ny storsatsing i Etne som me håpar skal bli knallkjekk og ein årleg happening. Det er organisasjonen Acta som arrangerer den. Me sender med ein leiar over 18 år pr. 8 konfirmantar. Eg vert med, og det gjer sikkert minst ein av prestane òg. Men det er ikkje sikkert den leiren passar for alle. Kanskje nokon er vekkrest eller det vert for lang tid. Det er ganske mykje pengar sjølv om det er for kost og losji i 5 dagar. Eg er ganske sikker på me skal bu på klasserom med liggeunderlag og sovepose. Meir informasjon vert lagt ut her når eg får vita meir. . To av dagane vert det høve til å reisa til Røldal i skitrekket. Det kostar ekstra for buss og heiskort. Biskopen vår - Halvor Nordhaug skal foresten vera med på leiren ein av dagane.
2) Det andre leiralternativet er i Sætervika (Fusa). I Sætervika bur me i gode senger på 4 - 5 mannsrom med bad, et god mat og eg, prestane og organistane lagar opplegget.
3) Tredje alternativ er på Voss. Det er Krik Hordaland som arrangerer leiren og me sender kun med leiarar som vert delegert ansvar der oppe. Me har ikkje del i planlegginga.(Me sender ein leiar pr. 8 konfirmantar). Her kan du sjekka ut på youtube kva Beate Augestad frå Tørvikbygd som er ein av leiarane har lasta opp frå årets Challenge Voss: http://www.youtube.com/watch?v=yncWMMFigZM På Voss bur me på klasserom med liggeunderlag og soveposer.
Men me kan lova at alle leirane vert kjekke med mykje action og moro, så ikkje bestem deg berre på bakgrunn av litt stilig filming frå Voss ;-)
Me kan berre velja to av leirane, så interessa ved konfirmasjonspåmeldinga avgjer kva for eit alternativ me slettar.
Årsplan kjem her når den er klar.
Det som kom heim i brev finn de her:
VELKOMMEN SOM KONFIRMANT 2012/13
KONFIRMANTREGLAR OG INNBETALINGSGIRO
PÅMELDINGSSKJEMA
det vert trekt premiar blant dei som har meldt seg på før 1. juli.
1. premie er eit gåvekort på Mo Sport på kr 500,-
2. premie er 2 kinobillettar til valfri kino
3. premie: Den største plata Freia melkesjokolade

Gudstenesteskjema kjem her
Aktivitetsskjema kjem her
Nyttige lenker
BEDEHUSWEB ( her finn du tider for Krik, Origo, ungdomskor, ungdomsgudstenester mm)
LEKSER:

LEKSA TIL FØRSTE GRUPPESAMLING finn du ved å klikka på biletet. Spørsmåla finn du under her. Trykk SEND når du er ferdig. Då kjem det til kateketen.