Takk til dei tre foreldra som var med oss på kyrkjehoppinga. Det er så kjempeviktig at de stiller! Flott innsats! Stor takk går òg til Strandebarm sokneråd som stilte med lunsj, Øystese sokneråd som serverte nydeleg gryterett i bedehuskjellaren i Øystese, og til Vikøy sokneråd som diska opp med boller og sjokoladekaka. Dagen ville ikkje vore den same utan!
Godt 93 % av konfirmantane hadde forventa god oppførsel gjennom dagen.
Eg vel å halda fokuset på det, så får me ta det resterande med dei det gjeld etter kvart.
På facebook ligg alle bileta. Det er lettare å lasta opp der.
I dag tysdag skal Strandebarmkonfirmantane ha undervisningssamling.
Neste onsdag er det dei som skal til undervisning i Norheimsund sin tur.
På første undervisningssamling tek du med Konfirmantbibelen dersom du har fått den. Skrivesaker må du òg ha.
Du får utlevert ein plastperm til å ha papirer og oppgåver i. Dersom du føretrekk ringperm, så tek du den med sjølv.
S.pr. Johnny Knudsen. Innsetjing av vår nye organist, Margrete Lid Kjosås, og offisiell takk til organist Svein Gerhard Hordnes som vert med på gudstenesta, og takk til vikarierande organist Olav Skeie Lid. Offer til kyrkjelydsarbeidet.