KRYBBEVANDRING

Dei siste vekene før jul er det stor aktivitet i kyrkjene i Kvam. Då vert barnehagane inviterte til å delta på Krybbevandring. Dei møter keisar Augustus, Maria og Josef, hyrder og vismenn. Og så er sjølvsagt hovudpersonen, Jesusbarnet der. I ei krybbevandring fins det ikkje tilskodarar, men berre med-vandrarar og deltakarar.
I år vil me gjerne tilby alle 5 åringar som ikkje går i barnehage, eller dei som ikkje er i barnehagen nett den dagen til å bli med. Ta med ein vaksen og kom :-)
SONGANE ME SKAL BRUKA PÅ KRYBBEVANDRING FINN DU HER
songar til adventstund i barnehagane finn du HER
Liste over samlingar og krybbevandringar før jul 2011. Lista vert fylt ut etter kvart.
På krybbevandringane er alle 5. åringar som ikkje går i barnehage også Velkomne!
Måndag 12. desember: Krybbevandring i Øystese kyrkje klokka 10.00 og 11.00
Torsdag 15. desember - adventsstund i Fykse Barnehage.
Tysdag 20. desember: Krybbevandring i Strandebarmkyrkje 10.00