PÅMELDING HEILT NEDE PÅ DENNE SIDA
Alle 4- åringar som bur i Kvam kan få 4-årsbok i si lokale kyrkje.Me brukar å ha utdelinga i ei familiegudsteneste om hausten. 4 - åringane og føresette vert inviterte til ei før-samling i kyrkja, der dei får bli kjent med kyrkja si og kateketen. Me øver på ein song og to til gudstenesta. 4- åringane får brev i posten. Men systemet er langt frå ufeilbarleg...
Så dersom barnet ditt eller barnet til nokon du kjenner ikkje får innvitasjon, så ring oss berre på tlf: 99640120 eller meld direkte inn i skjema.