Trusoplæring>Babysong

Babysong

Det er kjempekjekt å kunne invitera til babysong denne våren!

Sjølv om babysongen er i Norheimsund er det fritt fram for babyar og foreldre frå dei andre bygdene i Kvam å melda seg på.

Ein gjeng med damer med Nancy Karine Eikeland Sangolt i spissen har sett av 8 datoar i vår, for at babyar og foreldre kan møtast til song, drøs, sosialt samvære og ein matbit i kyrkja.

Om de melder på til kyrkjekontoret (56551888) eller på skjema under her, veit me kor mykje mat som må handlast inn til samlingane, og me kan ta kontakt ved eventuelle endringar.

Me tek 150,- kroner for babysongen, og det går til maten på dei 8 samlingane.

Giroen finn du HER

Påmelding til babysong våren 2012

Datoane er: 14.mars, 21,mars, 28.mars, 11.april, 18.april, 25.april, 2. mai, 9. mai.

Samlingane startar klokka 13.00 i Norheimsund kyrkje.

                          

 

 





 
Feb25
Lørdag, Februar 25, 2012
12:00Øystese søndagsskulekor øver i kjellaren på Øystese bedehus
For barn frå tre år og oppover Song, forteljing og leik Arr: Øystese søndagsskule, indremisjon og sokneråd
 
Feb26
Søndag, Februar 26, 2012
11:00Gusteneste i Ålvik kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Sevinj Asgarova. Dåp. Offer
12:00Skigudsteneste i Øystese
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KFUK/ KFUM.
18:00Bjørnefjorden Jazz-ensemble "syng med oss" i Strandebarm kyrkje
Bjørnefjorden Jazzensemble m/ lokale gjester "Syng med oss" Bill: Vaksne kr 100 Born kr 50
 
Feb28
Tirsdag, Februar 28, 2012
18:30Soknerådsmøte i Strandebarm
Stad: Strandebarm skule
 
Mar2
Fredag, Mars 2, 2012
00:00Kvinnenes internasjonale bønedag i Norheimsund kyrkje klokka 17.00
Kvinnenes internasjonale bønedag er i år førebudd av kvinner frå Malaysia. Temaet er: "La retten vinne fram". Høve til å gje gåve til "Prosjekt Mamma" Det vert kaffiøkt. Arr: Kvammakomiteen
 
Mar3
Lørdag, Mars 3, 2012
19:00Konsert med Bjørn Eidvåg i Ålvik kyrkje
 
Mar4
Søndag, Mars 4, 2012
11:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til Kirkens SOS i Bjørgvin.