Trusoplæring

Trusopplæring i Den Norske Kyrkja

 

  • Kvifor Trusopplæring (saksa frå sidene til Askøy, som eg synes forklarer det godt og greitt)

 

  • Årets store trusopplæringskonferanse gjekk av stabelen i oktober 2010. Overskrifta var "Vi deler"

 

Utsendingen frå Kvam var Marna Roer - kateketen vår. Ho kan melda om eit insipirerande og lærerikt seminar. Men og ganske overveldande. På Norges varemesse på Lillestrøm var det samla rundt 1000 personar til seminarer. Ein rakk berre 3-4 seminar kvar, og det var vanskeleg å velja  mellom utallet med gode foredrag. Marna valde å få meir informasjon om "Trusopplæring i heimane", Trusopplæringa og informasjonskanalar/ digitale media, og om leiartrening for ungdom. 

Ein heil del var fellesopplegg i den store messehallen. Mellom biskopar, statsrådar, gode musikarar og kor, var vel Kristine Koht den som tok kaka i å utfalda seg. Det forundrer vel ikkje dei som har sett henne i fri dressur :-)

I slutten av oktober kjem den nyvalde trusopplæringsnemda i Kvam til å ha sitt første møte. Dei skal stå i bresjen for å staka ut kursen for Kvam si trusopplæring dei neste åra. Sjølv om Kvam enno ikkje har motteke trusopplæringsmidlar, så er det på sin plass å legja planar for korleis midlane skal nyttast når dei kjem. Prosten i Hardanger og Voss prosti, synest å ha tru på at me kan få midlar til reforma alt i 2011/ 2012

"Størst av alt" finn du alt som fins om emnet.

 

På: TREET.NO - Grøn kvardag i kyrkje og heim.

 

Under her finn du diverse spel og forteljingar. (som kateketen blir heilt forvirra av):

 
Feb12
Søndag, Februar 12, 2012
11:00Gudsteneste i Øystese kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Nattverd. Offer til Misjon utan grenser.
11:00Gudsteneste i Vikøy kyrkje
Seniorprest Dag Endre Hansen. Organist Leif Tillung. Nattverd. Offer til Acta - barn og unge.
 
Feb14
Tirsdag, Februar 14, 2012
16:00Kyrkjetreff i Ålvik kyrkje
18:00Soknerådsmøte i Ålvik kyrkje
20:00Soknerådsmøte i Øystese kyrkje
 
Feb16
Torsdag, Februar 16, 2012
11:00Føremiddagstreff i Norheimsund kyrkje
Arr. Diakoniutvalet i Norheimsund
 
Feb19
Søndag, Februar 19, 2012
11:00Familiegudsteneste i Strandebarm kyrkje
S.pr. Vegar Emil Hansen. Organist Margrete Lid Kjosås. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
16:00Gudsteneste i Norheimsund kyrkje
S.pr. Johnny Knudsen. Organist Margrete Lid Kjosås. Offer Gudstenesta er tilrettelagd for psykisk utviklingshemma. Alle er hjarteleg velkomne!