Kvam kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Gravferd

Gravferd

 

Alle som har bustadadresse i Kvam, har rett til fri grav i Kvam, uansett trudomssamfunn.

For medlemer i kyrkja er det også ein rett – men ingen plikt - å kunna nytta kyrkja sine tenester gratis til gravferd.

For ikkje-medlemer i Den norske kyrkja må det betalast ei avgift, dersom kyrkja skal nyttast til gravferda. Denne er for tida på kr 3400,- 

Dersom den avdøde har budd utanom Kvam dei siste 5 åra, lyt det betalast ei utanbygds avgift ved gravferd og urnenedsetjing i Kvam:

- For kistegravferd frå kyrkja: kr 6800,-

- For kistegrav utan seremoni: kr 5100,-

- For urnenedsetjing: kr 2250,-

Gravferder/Gravlagde

Gravferder dei næraste dagane

Gravsøk - tidlegare gravlagde

Gravferdsordning for kyrkjene i Kvam

Mange tankar og kjensler melder seg når me har misst ein av våre kjære. Gravferda er ei hjelp i dette. Gravferda er dei næraste sin avskil med den døde. Samstundes er ho ei offentleg handling, som femner fellesskapet. Når me vel kyrkjeleg gravferd får me samlast i kyrkja, takka for livet, leggja den døde i Guds hender og søkja håp og trøyst for oss som lever att. 
Dette er ei så sterk og viktig hending at det er viktig at både form og innhald vert rett. Me som er kyrkjeleg ansvarleg  for gravferda vil gjera vårt beste for dette, slik at dagen vert så god som råd er for dei pårørande. Difor legg me vekt på å imøtekoma familien sine ynskje for gravferdsdagen. Samstundes har me kyrkjelege retningsliner som me både vil og skal  fylgja, for at gravferda skal få eit verdig og kyrkjeleg preg. Desse er gjerne ikkje like godt kjende for alle, men kan vera nyttig å kjenna til, før me står midt oppe i ein sorgsituasjon. I det følgjande vil me difor peika på nokre sentrale moment i desse kyrkjelege føresegnene (attgjevne i kursiv), med nokre korte kommentarar om korleis dette vert praktisert hos oss i Kvam.

Les mer...