Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

FASTEAKSJONEN 2020

 

26.03.2020

Årets fasteaksjon er viktigare enn nokon gong! Me samlar inn pengar til reint vatn, og det er livsviktig, ikkje minst for å forebygge smitte!
Nesten 90 konfirmantar og foreldre/føresette var klare til å gå frå dør til dør for å samla inn ti-tusenvis av kroner her i Kvam, til Kirkens Nødshjelp sitt arbeid. Sjølv om me ikkje kan gå rundt med bøsser på grunn av korona-viruset, kan me samle inn pengar! Fasteaksjonen 2020 er digital!

 

Her kan du gje:


På kyrkja si facebookside; Kyrkja i Kvam. Skroll litt nedover, så finn du fasteaksjonen for ditt sokn.

Bruk kyrkja sin vipps: 594023, merk beløpet med Fasteaksjonen 2020 og soknet du bur i (Strandebarm, Vikøy, Øystese eller Ålvik).

Bruk Fasteaksjonen sin vipps: 2426, merk gjerne beløpet med soknet du bur i.

Send SMS til 2426, då gjev du 200 kr.

Sett inn pengar på Fasteaksjonen sin gavekonto: 1594 22 87493

For 200 kr. kan du gje eit menneskje tilgong til reint vatn resten av livet.
Sjå meir informasjon på www.fasteaksjonen.no