Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

INFO OM DÅP, KONFIRMASJON, GRAVFERD, GUDSTENESTER OG VIGSEL I KORONATID

 

17.03.2020

 Ny informasjon og retningslinjer i samband med koronaviruset:                        (oppdatert 31.03.20)

 

Gudstenester:

Gudstenester og andre arrangement er i denne omgong avlyste til og med 13. april. Me følgjer råd og retningslinjer frå sentrale hald ift. oppstart. Me held dykk oppdaterte her på heimesida! 

Hugs at de finn oss på nett og telefon! Me ynskjer å vera tilstades for folk i Kvam i denne tida! Nøl ikkje med å ta kontakt! Sjå telefonnr. nederst på sida, evt. send melding på messenger/e-post. Følg oss på facebooksida vår: Kyrkja i Kvam

 

Dåp:

I utgongspunktet må dåp utsetjast, men dersom det er særleg grunn til det, kan kyrkja gjennomføre dåpshandlinga utan kyrkjelyden til stades. Presten kan gje råd og vegleiing ved slike høve.  

 

Konfirmasjonsgudstenester:

Alle konfirmasjonsgudstenestene i Kvam er utsett til hausten. Dersom nokon ikkje har høve til å utsetje konfirmasjonen, ta kontakt, så finn me ei løysing! 

Nye datorar for konfirmasjonsgudstenester (med atterhald om endringar):

             Norheimsund:  Laurdag 12/9 kl. 10.00 
              og søndag 13/9 kl. 11.
            Ålvik: Laurdag 12/9 kl. 13.00.
             Øystese: Laurdag 19/9 kl. 11.00 
             og søndag 20/9 kl. 11.00.
             Strandebarm: Laurdag 19/9 kl. 11.00

  

Gravferd:

Gravferder kan gjennomførast i kyrkjer med næraste pårørande til stades (maks 25 personar). Ein del av benkane i kyrkja er sperra av for å halde avstand på minst 2 meter mellom kvar. Handhelsing og klemming må ein unngå. Hugs at det er mange andre måtar å vise medkjensle. 

Handsprit er tilgjengeleg i alle kyrkjer. 

 

Vigsler:

Alle som har tinga vigsel, vil bli kontakta.

 

Spørsmål? Kontakt kyrkjekontoret på tlf. 56 55 18 88 eller kyrkjeverja på e-post hs799@kyrkja.no eller tlf. 414 00 035.