Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Kateket Mampion vert vigsla

 

03.09.2019

Vigsling av kateket er det ikkje ofte vi opplever i Kvam. Langt mindre vigsling av ein kateket frå Madagaskar. Men søndag 8. september skjer nett det i Norheimsund kyrkja. Ved gudstenesta kl. 11 denne dagen vert Solomampionona Andriamandimby, til dagleg kalla Mampion, vigsla til kateket av biskop Halvor Nordhaug. Mampion har vakse opp på Madagaskar, men har utdanninga si frå Noreg, og har alt vore tilsett som kateket i Kvam i eit godt halvår.  No skjer den høgtidelege vigslinga, med tenestelovnad, handspålegging og bøn, i ei sterk og frodig gudsteneste. Mellom dei medverkande er eit gassisk kor. Dei vil òg syngja ved den oppgraderte kyrkjekaffien. Velkomen til ein festdag for heile Kvam!