Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

EI KVELDSSTUND MED ALF PRØYSEN

 

12.03.2019

Torsdag 14. mars kl. 19 blir det Prøysenkveld i kyrkjelydshuset i Strandebarm. Soknerådet har invitert Astrid Gjestvang, som vikarierer som organist i Kvam dette året. Men ho er òg frå same område i Hedmark som Alf Prøysen. Ho vil fortelje om Prøysen og miljøet han voks opp i og  lese nokre av småstubbane hans, akkompagnert av fleire av dei kjende songane til Prøysen. Dessutan viser ho bilete frå Hedmarkslandskapet og Prøysenstua. Og ikkje minst blir det høve til ein kaffitår og noko å bite i attåt. Hjarteleg velkomne til kyrkjelydshuset i Strandebarm, eller vælkømmin, som det heiter på hedmarksdialekta!