Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Bibeldagen 2019

 

16.02.2019

Bibeldagen vert markert i kyrkjene i Kvam søndag 17. februar. Takkofferet går denne dagen til Bibelen på nye språk i Etiopia.  

Hos oss tek me det som sjølvsagt at me har Bibelen på vårt eige mål. Kva dette har tydd ikkje berre for kyrkja og truslivet, men for kulturen og allmendanninga i det heile kan knapt overvurderast.

På Bibeldagen komande sundag, vert me minna på at slik er det ikkje alle stader. Bibeldagen 2019 handlar spesielt om Etiopia. Dette er eit land med ein mykje lenger kristen tradisjon enn me har i Noreg. Men like vel er det mange folkegrupper som ikkje har Bibelen på sitt eige mål. Det skuldast ikkje minst at det vert tala over 80 ulike mål i landet. Ni av desse har til no hatt eiga Bibel-omsetjing. No er omsetjinga til tre nye mål, som vert tala av 2,5 millionar menneske, snart klar. Målet for Bibeldagen er å hjelpa til så desse omsetjingane kan verte fullførte og Bibelen kan bli prenta på desse nye måla. Bibelen er svært etterspurd i Etiopia, ikkje minst i Mekane Yesus-kyrkja. Ho er no blitt den største lutherske kyrkja i verda, og veks med ei fart som gjer det svært krevjande å følgje opp alle dei nye kyrkjelydane, ikkje minst med Biblar.