Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Forbøn

 

24.09.2018

Ynskjer du forbøn? Eller ynskjer du forbøn for andre? Då kan du ta kontakt med forbønstenesta i Norheimsund! 

I eit samarbeid mellom Norheimsund indremisjon og Vikøy kyrkjelyd er ønsket og vona at omsorg og omtanke gjennom forbøn skal bli endå meir tilgjengeleg. Det er berre å nytte tlf.nr. og e-postadr. nedanfor til meldingar til leiar for denne bønetenesta, Audun Aase. Bøneemna vil så bli fordelte mellom forbedarar som har teieplikt, og som over tid vil ta dei med i sine stille stunder.

Ingenting er for lite eller ubetydeleg for denne tenesta. Tenesta rommar alt som er godt å dele med nokon som kan står med i det vanskelege, og som kan løftast fram i bøn. 

Praktisk melder ein då så konkret som råd er, det ein ønskjer forbøn for. Ved bruk av namn er det gjerne greitt å avgrense seg til førenamn, om ein ikkje ønskjer full anonymitet. Ber ein om forbøn for andre, bør ein nok la dei vere anonyme, om ikkje vedkomande har sagt ja til å nemnast ved namn. Dei som sender inn bøneemne, og der ein av tlf.nr. eller e-postadr. kan avlese kven det er, vil bli anonymiserte ved utsending til forbedarane, om dei då ikkje ønskjer å nemnast ved (føre)namn.

Om det kjennest greitt, kan ein gjerne ved høve melde korleis det går eller om forbøna skal få eit anna fokus.

Mobilnr. å nytte er 415 21 905 eller e-postadr.: audun.aase@outlook.com.