Øystese kyrkje 150 år!

 

07.09.2018

Øystese kyrkje er 150 år i år! Dette vil me feira ei heil veke til ende. Her vert det heste-skyss, kyrkjebåtar, "gamle" kaker og mykje meir. Finn fram bunaden eller farmor sin gamle kjole, og kom deg til kyrkje! 

 

PROGRAM FOR JUBILEUMSVEKA

 

Søndag 23.september kl 11.00

Messe frå 1868

Prost em Arne O Øystese, liturgi frå 1868, kvinne- og mannside, salmar, kyrkje-songar, klokkar og kyrkjetenar, song av Kvammakoret, heste-skyss, kyrkjebåtane m/konf kjem til stranda ikr kl 10.30, Øystese bygde-kvinnelag serverer kyrkje-kaffi på kyrkje-bakken med dei gamle kakeslaga, der og rep frå lensmanns-kontoret er, alle vert oppfordra til å stilla i klede frå gamle dagar, bunadar m m, søndagsskule, kollekt

 

Onsdag 26. september kl 11.00

Musikalsk føremiddagstreff

Pensjonert prest Harald Otto Aalvik:

Minne frå mi bardoms kyrkje. Song og musikk, stafett, mat, kollekt og ord for dagen v/spr L A Vik

 

Torsdag 27.09 kl 10.00-12.00

Ope føredrag

Førsteamanuensis v/ NLA Høgskolen,

phd Torgeir Landro: Den kristne kulturarven – ein arv til å gøyma?

Morgonbøn v/prost Arild Hellesøy, kaffi og samtale

 

Torsdag 27. september kl 17.30

Kyrkjeklubb for menneske med nedsett funksjonsevne

 

Fredag 28. september kl 20.00

Jubileumskonsert

 

Søndag 30.09 kl 11.00

Jubileumsgudsteneste

Prost Arild Hellesøy, spr Lars Arne Vik og org Magrete Lid Kjosås, tidlegare prestar og andre tilsette tek del, song av Norheim-sund & Øystese ungdomskor, dans av Kvemmingen spel og dansarlag, musikk av Øystese musikklag på kyrkjetrappa etter gudstenesta, kyrkjekaffi med jubileums-kaker på Øystese bedehus, , nattverd, søndagskule, jubileumsoffer, kyrkjelyden vert oppfordra til å stilla i bunad

 

Onsdag 3 oktober kl 19.00

Kyrkjekveld

Samlar Einar Opsanger: Bygg og bygd på postkort gjennom 150 år. Song av Harald Kjosås, fingermat, ord for natta v/Helga Vestrheim Tolo og kollekt