Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Vennefest!

 

21.09.2018

Bli med på Vennefest! Me gjen tar fjorårets suksess og arrangerer Vennefest (tidlegare HalloVenn) i Norheimsund kyrkje 31. oktober! 

Dette blir gøy! Borna får vera med på mange kjekke aktivitetar, syngja med "Naboen min" (!!), og sjølvsagt ete snop og kaker! Tema: vennskap med Gud og kvarandre. 

 

Tid:  torsdag 31. oktober kl. 18.00 - 20.00.

 

Alder: 1. - 5. trinn, men heile familien med vaksne og søsken i alle aldrar er hjarteleg velkomne! 4. trinn i heile Kvam er spesielt  inviterte.

 

Pris: 100 kr. per barn, maks 300 kr. per familie. Vaksne gratis. Vipps til 86323 (Norheimsund kyrkje). Merk betalinga med Vennefest og barnet/barna sitt namn. Dersom de ikkje har tilgong til Vipps, kan de betale når de kjem til kyrkja. (Vippsinga er ikkje sjølve påmeldinga slik det var i fjor.)

 

Kostyme: Borna kler seg ut før dei kjem, men kan få ansiktsmaling i kyrkja om dei vil. Kos dykk med utkledninga! Me oppfordrar vaksne òg til å kle seg ut! :) :) 

Obs! Me ynskjer ikkje at borna skal kle seg ut med "typiske" halloweenkostymar (skumle masker, djevelkostymar o.l.). Me ynskjer heller ikkje lause gjenstandar knytta til kostymet.  Vennefest er eit alternativ til andre halloweenfestar. Borna skal få sleppe å vere redde på Vennefest. 

 

Dette vert ein stor dugnad, og me treng mange frivillige for å få dette i hamn. Me treng først og fremst folk som kan stå på post (skoesketårn el.l.) i 1 time. Arr. varer i to timar, så to stk deler på ein post. Me har ca. 14 postar. Me treng òg hjelp til å lage til, rydde opp og andre praktiske oppgåver. Dette noterer de evt. i påmeldinga.

 

Påmelding seinast 17. oktober!

 

PÅMELDING HER

Obs! Mobilnr. må vera til ein vaksen me kan kontakte ved behov.

 

Velkommen! 

 

Kontaktperson: Solveig Lønning Sangolt. E-post: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net Tlf: 930 21 676

Arr.: Søndagsskulen i Norheimsund kyrkje og Trusopplæringa i Kvam.