HalloVenn

 

21.09.2018

Bli med på HalloVenn i Norheimsund kyrkje 31. oktober!

Dette blir gøy! Borna får vera med på mange kjekke aktivitetar og sjølvsagt ete snop og kaker! Dei kler seg ut før dei kjem. Tema: vennskap med Gud og med kvarandre.

Me kjem til å arrangere HalloVenn i 2019 òg, så det er berre å byrja å gle seg!:)Program, pris og annan info vert truleg litt endra i 2019, men i alle hovudsak vert det slik som i 2018 (sjå info under): 

Tid: onsdag 31. oktober kl. 17.30-19.30.

 

Alder: 1. - 5. trinn er spesielt inviterte, men heile familien med vaksne og søsken i alle aldrar er hjarteleg velkomne!

 

Pris: 50 kr. per barn. Vaksne gratis.

 

Påmelding: Vipps til 86323 (Norheimsund kyrkje). Merk betalinga med HalloVenn og barnet/barna sitt navn. Kr. 50 per barn. Dette er sjølve påmeldinga. Frist fredag 26. oktober, men helst så snart de kan!

Flott om de òg trykker på "skal" på facebook-arrangementet "HalloVenn Kvam 2018". Dette gjer det lettare for oss å berekne innkjøp. 

 

Kostyme: bruk fantasien og kos deg med utkledninga! Me ynskjer ikkje skumle masker eller lause gjenstandar knytta til kostymet. Borna kan få ansiktsmaling i kyrkja, om dei vil. Me oppfordrar vaksne òg til å kle seg ut! :) :)

 

Me treng mange frivillige for å få dette i havn. Kan du hjelpe med kakebaking, ha ansvar for ein stasjon (fiskedam o.l.), stå i kafèen, rigge til, rydde opp etc? Gje ein lyd på facebook under arrangementet eller til ein av oss i komitèen.
 

Gje beskjed om matallergiar til Solveig: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net

 

Hjarteleg velkomen!

 

Arr.: Søndagsskulen i Norheimsund kyrkje og Trusopplæringa i Kvam.