VIsitasmelding frå biskopen

 

25.01.2018

BISPEVISITAS I KVAM!

29. mai til 3. juni vitjar biskop Halvor Nordhaug Kvam. Bispevisitas er ei storhending som ikkje er daglegdags. I Kvam er det heile 19 år sidan sist!

Visitas høyrest noko strengt og kontrollerande ut. Men føremålet er meir inspirasjon enn inspeksjon. I mest ei veke får me såleis høve til å stige litt ut av det daglege saman med biskopen, og spørje kvar me står og kvar vegen går vidare for oss som kyrkje i Kvam. 

Til hjelp i dette har me skrive ei omfattande visitasmelding, som biskopen vil leggja til grunn for drøftingane med oss. Dette skjer fyrst og fremst på eit stort samrådingsmøte med sokneråda og i samtale med dei tilsette.

Men elles skal biskopen gjera seg kjend med dei ulike kyrkjene og kyrkjelydane, møta representantar for skulen og heradet og i det heile prøve å få oversyn over kyrkjelivet her hos oss. Dagane vil vere omkransa av morgon- og kveldsbøn i kyrkjene våre. Tysdags kvelden vert det også kyrkjelydsfest for heile Kvam i Norheimsund kyrkje.

Det heile vert avslutta med stor festgudsteneste i Norheimsund kyrkje søndag 3. juni kl 11. Rett etter denne gudstenesta vil biskopen koma med ei kort oppsummering av visitasen.

Til liks med visitasgudstenesta er mange av programpostane opne for alle. Oversyn over desse finn du i det følgjande.

Velkomen til viktige og gode dagar, - til kvile og kveik!