Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Gravferdsordning for kyrkjene i Kvam

 

16.09.2016

Mange tankar og kjensler melder seg når me har misst ein av våre kjære. Gravferda er ei hjelp i dette. Gravferda er dei næraste sin avskil med den døde. Samstundes er ho ei offentleg handling, som femner fellesskapet. Når me vel kyrkjeleg gravferd får me samlast i kyrkja, takka for livet, leggja den døde i Guds hender og søkja håp og trøyst for oss som lever att. 
Dette er ei så sterk og viktig hending at det er viktig at både form og innhald vert rett. Me som er kyrkjeleg ansvarleg  for gravferda vil gjera vårt beste for dette, slik at dagen vert så god som råd er for dei pårørande. Difor legg me vekt på å imøtekoma familien sine ynskje for gravferdsdagen. Samstundes har me kyrkjelege retningsliner som me både vil og skal  fylgja, for at gravferda skal få eit verdig og kyrkjeleg preg. Desse er gjerne ikkje like godt kjende for alle, men kan vera nyttig å kjenna til, før me står midt oppe i ein sorgsituasjon. I det følgjande vil me difor peika på nokre sentrale moment i desse kyrkjelege føresegnene (attgjevne i kursiv), med nokre korte kommentarar om korleis dette vert praktisert hos oss i Kvam.

 

•    Gravferd etter ordning i kyrkja er ei kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter. Ho er såleis sett saman av ein kort minnedel, skriftlesing og tale, salmesong og bøn. Det er presten sitt ansvar å sjå til at handlinga er i samsvar med denne kyrkjelege ordninga, og slik får ein gudstenestleg karakter.

 
•    Minnedelen med livsbiografi og påfylgjande helsingar: Eit kort minneord vert framført av presten eller ein representant for familien. Her kan det følgja stutte helsingar, pålegging av blomar og/eller kransar og eventuelt andre minnehandlingar. Tale ved eventuell kransepålegging kan berre skje når den som sørgjer for gravferda, har gjeve samtykke til det.  Merk at minneorda ikkje treng framførast av presten, men kan vera ved ein i familien. Det vert altså lagt opp til eit «kort» minneord, og «stutte» helsingar, som skal godkjennast av familien. Ordet vert såleis ikkje gjeve fritt i kyrkja. For å unngå at minnedelen vert for lang, og gravferda slik får karakter av minnesamvær, kan det vera greitt å lata ein del helsingar venta til ei eventuell minnestund. 


•    Blomehelsingar: Når orda ikkje rekk lenger, tyr me gjerne til symbola, ikkje minst blomar. Dei einskilde ledda i handling – mellom dei utsmykking, symbol og kransepålegging – må tilpassast den gudstenestlege karakteren. Ein bør syna måtehald i bruken av blomar, kransar og liknande. Ofte kjem det svært mykje blomar til kyrkja. Her i Kvam har det vore vanleg å lesa opp alle sløyfer på kransar og bårebukettar. Ei avgrensing av slike opplesingar  kan synast uvanleg og framandt, men er vanleg dei fleste stader. Nokre gongar kan ei slik avgrensing vera god og naudsynt, både av omsyn til tida det tek, og av omsyn til dei pårørande. Her må prest og pårørande saman finna den rette måten å gjera det på.


•    Songar/salmar: Salmar og songar ein viktig del av gravferda. Desse skal godkjennast på førehand av den som har tenesta. Dei songar som skal nyttast som fellessong, skal uttrykkja ein Guds-relasjon. Me nyttar såleis songar som står salmeboka eller songboka.


•    Song og musikkinnslag: Musikken talar til oss på ein annan måte enn orda, og verkar gjerne ekstra sterkt på oss i ei gravferd. Mange vel såleis solosong, eller andre musikkstykke som vert framført i kyrkja. Prest og organist i fellesskap avgjer kva som kan framførast. Det er såleis viktig at dette vert drøfta tidleg i prosessen, også av omsyn til notar og øving. Oftast vil det vera ei langt større akseptramme for kva som kan framførast som soloinnslag, enn for det som  vert sunge i fellesskap. Men også soloinnslaga skal vera musikk som er ei kyrkjeleg gravferd verdig.  Me nyttar ikkje innspela musikk i kyrkja, men som oftast vil organisten kunne spela det ein ønskjer framført. Det er noko godt og rett at det som vert framført i gravferda, er levande musikk framført av levande menneske. 


•    Bilete/film: Somme tider får me spørsmål om avspeling av filmsnuttar eller bilete på storskjerm. Men dette er vanskeleg å tilpasse handlinga si kyrkjelege karakter. Også i dette stykket vil minnesamværet ofte vere ein god arena, der det både kan synast bilete og ein kan kome med fleire og lengre helsingar, enn det er naturleg i kyrkja. 

 

Alle som har bustadadresse i Kvam, har rett til fri grav i Kvam, uansett trudomssamfunn. For medlemer i kyrkja er det også ein rett – men ingen plikt - å kunna nytta kyrkja sine tenester gratis til gravferd. For ikkje-medlemer i Den norske kyrkja må det betalast ei avgift, dersom kyrkja skal nyttast til gravferda. Denne er for tida på kr 3400,- Dersom den avdøde har budd utanom Kvam dei siste 5 åra, lyt det betalast ei utanbygds avgift ved gravferd og urnenedsetjing i Kvam.

- For kistegravferd frå kyrkja: kr 6800,-         

- For kistegrav utan seremoni i kyrkja: kr 5100,-

- For urnenedsetjing: kr 2250,-

 

Fyrst og sist: Me må vera flinke til å vera i dialog i forkant av gravferdene. Dette gjeld samspelet mellom prest, organist og pårørande – og med kyrkjeverja. Ver såleis ikkje redde for å ta kontakt med oss undervegs i planlegginga av ei gravferd – det er mykje betre med ein telefon for mykje enn ein for lite. Me står gjerne til teneste.

 

Sokneprestane og kyrkjeverja i Kvam