Kyrkjekino

Kyrkjekino

Kyrkjekino

Velkomen til Kyrkjekino! I år er det Kyrkjekino i Strandebarm og Norheimsund (Øystese invitert saman med Norheimsund). Pga. små kull i Ålvik og Strandebarm, har dei Kyrkjekino for 5. - 7. trinn kvart 3. år. Ålvik har Kyrkjekino neste gong i 2022. 

 

Fredag 24. januar 2020 frå kl. 17.00 - 21.30 vert 5. - 7. trinn i Strandebarm inviterte til Kyrkjekino i Strandebarm kyrkje.

 

Fredag 7. februar 2020 frå kl. 17.00 - 21.00 (Merk tida! Den er endra frå 21.30 til 21.00!) vert 7. trinn i Norheimsund og Øystese inviterte til Kyrkjekino i Norheimsund kyrkje.

 

Me ser filmen "Narnia - løven, heksa og klesskapet". Etter filmen vert det spanande aktivitetar med utgangspunkt i det filmen og bibelen har til felles. Snop og pizza står på menyen!

Filmen har 11-års aldersgrense. I Ålvik og Strandebarm er 5.-7. trinn inviterte, og nokre av dei er berre 10 år. Foreldre må gjerne vera med. 

Me treng vaksne som kan vera i lag med borna, samt hjelpe med praktiske oppgåver. Flott om foreldre melder seg! :) 

 

OBS! Påmeldingsfrist seinast tre dagar før arrangementet startar!

Påmelding her

 

OBS! Me ynskjer ikkje at borna har med seg mobiltelefon. Den kan evt. leverast inn når de kjem. Borna kan låna telefon i kyrkja om dei treng å ringe heim.

Kontaktperson Strandebarm: Sigrid Karoline Eriksen-Tufteland. E-post:diakon@kvam.kyrkjer.net Mobil: 901 68 381

Kontaktperson Norheimsund: Solveig Lønning Sangolt. E-post: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net Mobil: 930 21 676


Del denne artikkel på e-post