Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Tårnagent

 

16.12.2015

Bli med på Tårnagent - skattejakt i kyrkja!
 
Skuleåret 2019-2020 vert det arrangert Tårnagent i Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm. Nytt av året er at 3. trinn i Norheimsund ikkje lengre er i Øystese kyrkje saman med 3. trinn i Øystese. Dei får sitt eige Tårnagent-arrangement i Vikøy kyrkje pga. aukande antal påmeldte. Arrangementet er noko kortare enn tidlegare.
 
Ålvik kyrkje:
Tid: laurdag 14. sept. kl. 16.00 - 18.00
Alder: 2. - 4. trinn i Ålvik.
 
Øystese kyrkje:
Tid: 23. april (obs! Dette er ein ny dato...) kl. 17.30 - 19.30 
Alder: 3. trinn i Øystese
 
Vikøy (!) kyrkje:
Tid: torsdag 23. januar kl. 17.30 - 19.30
Alder: 3. trinn i Norheimsund
 
Strandebarm kyrkje:
Tid: onsdag 11. mars kl. 17.30 - 19.30
Alder: 3. og 4.trinn i Strandebarm 
 
 
Program: skattejakt, bibelforteljing, leik, kveldsmat og ikkje minst - ein tur i kyrkjetårnet!!
 
 
Me sender invitasjon i posten til alle som er medlem av Den Norske Kyrkja, men ALLE i rett alder, er hjarteleg velkomne! Det går an å bytte kyrkje dersom tidspunktet i kyrkja du høyrer til ikkje passar. Dei som bur i Tørvikbygd kan velja om dei vil koma til Vikøy eller Strandebarm.
 
Arr. er gratis.
Me ønskjer ikkje at borna skal ha med seg mobiltelefon. Dei kan få låne telefon i kyrkja dersom dei treng å ringje heim. Me har liste med telefonnr. til heimane.

Hovudansvarleg:
Solveig Lønning Sangolt (kyrkjelydspedagog)
Spørsmål? Kontakt e-post: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net eller tlf.: 930 21 676 
 

OBS! Påmelding seinast to dagar før arrangementet startar her: Påmeldingsskjema

Velkommen!