Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Skulestart-bok

 

07.08.2015

  Å byrja på skulen er ei stor hending i livet. Me i kyrkja har lyst til å gje dei komande 1. klassingane ei fin bok i gåve for å feira skulestarten i lag med dei. Borna vert inviterte til kyrkja i fylgje med vaksen. Alle i Kvam kan få utdelt boka i si lokale kyrkje. 1. klassingar som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje døypte - er velkomne. Derfor set me òg annonse i avisa.

 
Program: syngja, høyra forteljing, leika, få utdelt bok og ete pølse i brød til kvelds.
 
Tilbodet er gratis.
 
2019:

Komande 1. klassingar i Tørvikbygd og Strandebarm: 

Samling med utdeling av bok: måndag 17. juni. kl. 17.30-19.00 i Strandebarm kyrkje.

 

Komande 1. klassingar i Norheimsund:

Samling med utdeling av bok: fredag 14. juni kl. 17.30 - 19.00 i Norheimsund kyrkje.

 

Komande 1. klassingar i Øystese:

Samling med utdeling av bok: onsdag 19. juni kl. 17.30 - 19.00 i Øystese kyrkje.

                                                                                               

1. klassingar i Ålvik: 

Tilbodet vert arrangert på hausten etter at borna har byrja på skulen. Her vert det samling ein vekedag, samt gudsteneste ein søndag med utdeling av bok. Begge deler i lag med dei som skal få 4-årsbok hausten 2019.

Velkomen! smiley

 

Spørsmål? Ta kontakt på e-post: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net eller tlf.: 930 21 676
 

Påmelding  HER