Skule

 

16.12.2014

Vandring gjennom Bibelen for barn

5. klasse har tilbod om å få besøk av kateketen i klasserommet. Der er det undervisning om Bibelen og oppbygginga av den som har fokus. Me nyttar eit vel utprøvd undervisningsopplegg som heiter "Vandring gjennom Bibelen for barn". Det tek 4 undervisningstimar fordelt på to gonger. Første gongen handlar det om Gamle testamentet og siste gongen om Det Nye testamentet. Alt skjer gjennom bevegelsar, forteljingar og aktivitetar. Poppulært tiltak som alle 5- trinna i Kvam har delteke på dei siste 5 åra. No er eg i gong med runden for årets 5. trinn
Les MEIR + brosyre på nynorsk.

For 4. trinn har me eit opplegg i forkant av pinse. Då kan klassane koma til si lokale kyrkje for å høyra om den og lokale tradisjonar. Me har eit opplegg om kyrkjeåret og fargane i denne samlinga.

Elles er det berre å ta kontakt med prest, kateket eller kyrkjelydskontor om skuleklassar vil vitja kyrkja.

Skulane i Kvam har tradisjon for å koma til gudsteneste ein av dei siste dagane før jul.