Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Barnehage

 

11.12.2014

PÅSKEVANDRING OG KRYBBEVANDRING

Dei siste vekene før jul og påske er det stor aktivitet i kyrkjene i Kvam. Då vert barnehagane inviterte til å delta på Krybbevandring og Påskevandring. Gruppene bør ikkje vera større enn 20 - 22 born eller mindre enn 10 born. Om de har få born på avdelingane, er det fint om fleire avdelingar kjem i lag. Opplegget tek 35 - 40 minutt (+ av- og påkledning), og passar for born mellom 3 og 6 år. 

 

Alle barnehagane må melde seg på til Mampion Andriamandimby på e-post: kateket@kvam.kyrkjer.net. Første mann til mølla!! Og me vert svært glade for rask påmelding!

 

Datoar jul 2019:

Per i dag er stort sett alle dagar ledige f.o.m. 25.november - 20.desember. (unntatt tysdagar)

Tidspunkt alle dagar: 9.30, 10.45 og 12.30. (kan endrast ved behov)

Måndagar er forbeholdt Øystese pga. ofte gravferd dei andre dagane. Om måndagar ikkje passar, finn me ein annan dag.

Eg ynskjer felles tilbakemelding frå styrar for å unngå mest mogleg krasj og kommunikasjonssvikt.

Velkommen!

 

Julesongar til krybbevandringa:

EIT BARN ER FØDT I BETLEHEM

Eit barn er født i Betlehem, i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom, eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja!

Men okse der og asen stod, og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland, frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

 

O JUL MED DIN GLEDE

O, jul med din glede og barnlige lyst,
vi ønsker deg alle velkommen
Vi hilser deg alle med jublende røst
titusener ganger velkommen
           Vi klapper i hendene,
           vi synger og vi ler,
           så glad`er vi, så glad`er vi
           Vi svinger oss i kretsen og neier - og bukker.

 

Så rekker jeg deg nå med glede min hånd,
kom skynd deg og gi meg den annen,
så knytter vi kjærlighets hellige bånd
og lover å elske hverandre.
          Vi klapper i hendene,
          vi synger og vi ler,
          så glad`er vi, så glad`er vi
          Vi svinger oss i kretsen og neier - og bukker.

 

NO TENNER VI DET FØRSTE LYS

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

 

No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende Sonen sin

 

No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.

 

No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein Frelsarmann
for alle folkeslag

 

 

De finn songane på tidal/spotify etc ...