LysVaken AVLYST

LysVaken AVLYST

LysVaken AVLYST

Familiegudstenesta går som planlagt , men utan deltaking frå Lys Vaken - borna. Begge kora deltek. Velkommen! (oppdatert 17.10.20 kl. 19.30)

Pga. ny smittesituasjon i Kvam må me diverre avlysa Lys Vaken. Me håpar me får teke igjen arrangementet.

 

Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!

Utpå hausten vert 5. trinn inviterte til å overnatta i kyrkja! Ålvik og Strandebarm har ofte få elevar på kvart trinn, derfor slår me fleire klassetrinn saman der. Borna i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm, men dei kan vera med i Norheimsund om dei heller vil det.

Øystese: Pga. dårlege fasilitetar for matlaging, toalett mm. i kyrkja vert 5.trinn i Øystese inviterte til Norheimsund kyrkje saman med 5. trinn frå Norheimsund. 

Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten. 

Det går an å sove heime.

 

Lys Vaken 2020:

Norheimsund kyrkje: for 5. trinn i Norheimsund og Øystese 17. - 18. oktober.

Ålvik kyrkje: Lys Vaken i Ålvik kyrkje vert utsatt til våren 2021.

                                     

I Norheimsund kyrkje avsluttar me helga med familiegudsteneste kl. 11.00 der søsken og foreldre er inviterte. Barnekora Kvam Soul Children og Shine deltek, innslag ved Lys Vaken-borna, andakt ved Herdis Austevoll, biletframsyning frå helga, lovsongsband i regi av Bjørnar Sangolt mm. 

 

Program frå 2019 (mykje vil vera likt i 2020): trykk her

 

Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.

Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 9.30 på søndagen. Då skal me øva til gudstenesta og leika. Kom gjerne til frukost kl. 8.30. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00. 

 

For å dekkje ekstra utgifter i år oppmodar me om å betale 100 kr., men det er ikkje eit krav for å få bli med. De kan nytta kyrkja sin Vipps: 58 34 98. Merk med Lys Vaken. Pga. hensyn til smittevern spør me ikkje foreldre om å baka/laga mat, men kjøper/bestiller mat i staden. Dette gjer at me får litt ekstra utgifter i året.

 

Viktig at alle som kjem er friske!

 

PÅMELDING TIL LYS VAKEN.

 

Velkommen! Me gler oss til å sjå dykk! 

Kontaktperson: Solveig Lønning Sangolt, tlf. 930 21 676, ss973@kyrkja.no


Del denne artikkel på e-post

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort