Kvam kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer

Babysong

 

03.12.2014

Velkommen til babysong i Norheimsund kyrkje! 5 måndagar kvart semester samlast me for å syngja med babyane og ete lunsj i lag. Alle babyar i Kvam er velkomne!  

Ta med eit teppe som babyen kan liggja på, ei rangle som lagar lyd og eit sjal/tøystykke.

Pris: kr. 150 for å dekke utgifter til lunsj. Betal med Vipps til 58 34 98. Merk med babysong og barnet sitt namn.

Datoar våren 2020: 3. februar, 17. februar, 2. mars, 23. mars og 20. april. Alle dagane byrjar me med song kl. 11.00, og lunsj rundt 11.40.

 

Babysong er eit tilbud til dei minste barna, saman med en av foreldra. Gjennom sang blir det knytta kontakt mellom foreldre og barn. Ein lærer enkle regler og songar, som ein og kan nytte heime. Fokuset ligg på samværet mellom barnet ditt og deg. For barnet er di stemme den finaste i verda! Konseptet er tilrettelagt for dei små som deltek, men det er også et sosialt fellesskap for dei vaksne. Difor blir alle samlingar avslutta med lunsj som kyrkja lagar til.

 

NB! Påmeldingsfrist torsdag 30. januar! De som meldte dykk på i haust, må òg melda dykk på til vårsemesteret.

Påmeldingsskjema finn du HER

 

Spørsmål? Kontakt Solveig Lønning Sangolt! E-post: solveig.sangolt@kvam.kyrkjer.net Mobil: 930 21 676